Kultur | 18. okt. 2016

Osfest – Veien vidare

Tor Egil Hylland har ikkje gitt opp. – Forhandlingane med kreditorane er i mål. No jobber vi mot festival både i 2017 og 2018, seier han og har allereie kontakt med aktuelle artistar.

Osfest – Veien vidare
Tor Egil Hylland fortel at han jobba for at det skal bli Osfest også dei kommande åra (arkivfoto: KVB)
Andris Hamretirsdag 18. okt. 2016 14:28

Osfest gjekk på ein smell etter årets festival og har måtte bruke hausten til å forhandla med kreditorane. Bak ryddearbeidet står Tor Egil Hylland, som starta festivalen saman med Ole Reinert Berg-Olsen, som no har trekt seg ut og lagt ut 50% av aksjane i Osfest AS for sal på «Os – Kjøp, sal og bytte.»

– Korleis reagerte du, då du såg at Berg-Olsen hadde lagt ut aksjane for sal?

– Det tar eg til etterretning, men eg kan jo seie såpass at dei ikkje er verd noko. Aksjekapitalen er tapt og vi har ei gjeld på 1,5 millionar kroner etter årets festival.

– Eg har brukt hausten til å forhandla og snakka med dei mellom 50 og 60 kreditorane vi har. Dei har alle fått 50% av restgjelda si og gått med på ei nedbetalingsordning for resten av beløpet, svarar Hylland.

Finst folk som vil bidra

Når det gjeld den ledige aksjeposten i Osfest AS har Hylland fått signal om at det finst personar som er villige til å overta aksjeposten vederlagsfritt og gå inn i styret for å gjera ein jobb for å bringa festivalen vidare.

– Det er det viktigaste for meg, at vi får til Osfest vidare, slik at alle kreditorane får oppgjeret sitt. Klarar vi å gå med overskot neste år, så går det til kreditorane.

– I tillegg til dei som er interessert i å vera med, har det også meldt seg nokre ungdommar som har lyst til å oppretta ei ungdomsgruppe i festivalen, for å koma med innspel både på artistar og opplegg. Det håper eg dei klarer å få til. Det vil vera utruleg positivt festivalen og dei skal få ei røyst i styret, forsikrar Hylland.

Må lande plassering

Hylland fortel at han, parallelt med å snakka med kreditorane, også har snakka med artistar og management.

– Eg har allereie fått reservert artistar for både 2017 og 2018, men før vi får landa kor vi skal ha festivalen kan vi ikkje booka dei.

– Vi ser på moglegheitene både på Nore Neset og på Kuventræ som alternativ til Os sentrum.

– Kvifor vil de vekk frå sentrum?

– Det er fleire grunner til det. Det største problemet med sentrum er forutsigbarheita. Vi veit ikkje kva som skjer med området rundt grusplassen om eitt, to eller tre år. Det er jo vedtatte reguleringsplanar for området og plutseleg er dei i gang. I tillegg, så er det dyrt å rigga der. Vi må mellomanna sperre vegar og området i fleire dagar før og etter festivalen. Det kostar oss mykje penger. Både Nore Neset og Kuventræ vil vera enklare i så måte, forklarar Hylland.

Held på 1. helga i august

Festivalsjefen fortel at han håpar å få avklart dette i løpet av relativt kort tid, slik at dei kan jobba vidare mot nye festivalar.

– Eg tør ikkje lova noko, men jobbar kvar dag for at det skal bli nye festivalar. Vi held på første helga i august. Det skuldast mellom anna tilgangen på utstyr. Den helga er på mange måtar vår og scene og anna utstyr er tilgjengeleg for oss. Så går eg som eg trur og håpar, så blir det Osfest 4. og 5. august 2017 og ny festival 3. og 4. august 2018.

– Men, det kjem til å bli nokre endringar i opplegget. Mellomanna kjem vi til å gå breitt ut, blant både unge og eldre, for å spørre kva artistar vi skal prøve å få hit. Spesielt yngre vaksne er eg oppteken av at vi skal få med. Difor håper eg verkeleg at ungdommane som har tatt kontakt får til å starta ungdomsgruppa. Vi vil òg freiste å få satt saman eit styre med ei breiare kompetanse. To mann blei litt lite, konkluderar Hylland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.