Lokal | 20. apr. 2010

Osing i 193 km/t

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 20. apr. 2010 20:13

I januar i år blei ein 19 år gamal gut frå Os målt til 193 km/t i Lærdalstunnelen. Det var ein fotoboks som fanga ungdomen med kjærasten som passasjer denne fredagskvelden.

- Det er enkelt og greitt livsfarleg å køyre i slik fart, seier politiadvokat Tor Teige til NRK.no.

Nordhordland tingrett har dømt guten til 60 dagar fengsel og 3,5 år utan førarkort.

Sjølv skal den unge sjåføren ha sagt at han ikkje såg på speedometeret, men at han hadde ei aning om kor fort det gjekk då det blinka i fotoboksen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.