Rune Walle og lege Arne Instebø (t.h.) eig kvar sin halvpart av nystarta Huslegene AS. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Osing startar medisinsk klinikk i Fana

– Gode opningstider, tilgjengelege legar og låge prisar, seier Rune Walle om filosofien som førte til at Huslegene opnar i morgon.

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Rune Walle frå Os har fått med seg lege Arne Instebø, også kjent frå toppidrett som «Brann-legen», til å starta noko som kan bli ein ny kjede av private helseklinikkar.

Ideen er ny, og skil seg frå fleire andre klinikkar då dei strekk seg langt for å bli «eit reelt alternativ til fastlegen».

– Det starta med at sportsbutikkane eg eigde hadde bedriftsavtale på Volvat. Der var Arne Instebø legen min, og vi snakka ein del saman om bransjen generelt, blant anna kor krunglete eg synest fastlegeordninga er, og kor tilgjengeleg Arne var, som blant anna også tok heimebesøk.

I fjor starta dei, saman med ein annan eigar, Idrettsmedisinsk Avdeling AS i Bergen, klinikken som er eit resultat av at SK Brann outsourca det medisinske apparatet sitt. Klinikken er utrusta med svært avansert og kostbart utstyr, og har tatt SK Brann til europeisk toppnivå når det kjem til spelartilgang (kor skadefrie spelarane er).

I morgon opnar Huslegene AS eit nytt og moderne legekontor på Slåtthaug, basert på dei første ideane og samtalane Walle og Instebø hadde om det å ha ein «privat fastlege», 

– Etterlengta av både pasientar og legar

Walle har bakgrunn som gründer og driv frå før Bergen Sikkerhet AS. Tankane hans om dagens legeordning har tatt han inn i helsebransjen.

– Når eg eller ungane mine er sjuke så vil eg kunna ringa til nokon, og eg vil gjerne ha time med éin gong, for eksempel om kvelden, i staden for å venta til neste dag. Eg vil heller ikkje bli bedt om å bestilla ny time om det er to ulike ting eg vil drøfta med legen, slik eg ser enkelte held på. For meg ser fastlegane ut som ein adel, der nokre få utvalte sit med lange lister og høge lønninger utan å vera særleg lett tilgjengelege for dei som står på desse listene.

– Samtidig vil eg ikkje betala fire gongar så mykje som om fastlegen på ein eller annan privat klinikk. Derfor har vi her lagt oss rett over det du betalar i det offentlege.

Moderne og effektiv

Walle eig Huslegene AS saman med lege Arne Instebø. Instebø er dagleg leiar ved Idrettsmedisinsk Avdeling AS, og blir medisinsk ansvarleg for legane tilslutta Huslegene.

– Enkelte legar vil jobba dag, andre kveld, helg eller i redusert stilling. Det er heller ikkje alle som ønskjer å starta eige kontor, med alt det fører med seg av ansvar og oppgåver som bedriftleiar, leigetakar og arbeidsgjevar for sekretærar og vaskehjelp, seier Arne Instebø.

Interessa skal ha vore stor i legestanden for å bli ein del av Huslegene, og Instebø har hatt mange å velja mellom fram mot etableringa av første klinikk.

– Vi har tilsett helsesektretærar og sjukepleiarar, og engasjert legar med brei bakgrunn. Her kan legane konsentrera seg om berre det å ta seg godt av pasientane. Dette er det mange som har sett på som attraktivt seier Instebø.

Trass låg prisklasse for pasientane har Huslegene lagt seg i det øvre prissjiktet når det kjem til innreiing, teknologi og utstyr til den nye klinikken. Huslegene er blant anna det første legekontoret i Bergen som er møblert med antibakterielle møblar frå finske Isku. Isku er første produsent i verda av møblar med antibakteriell overflate. 

Dag, kveld og helg

I utgangspunktet var heimebesøk med i planane, men dette blir i første omgang sett på som litt omfattande å organisera. I staden siktar Huslegene seg inn på at gode opningstider og låge prisar skal gje pasientane ei oppleving av at dei er eit reelt alternativ til fastlegen.

– Vi startar med kvelds- og laurdagsope, men ønskjer på sikt både å bli døgnopen sju dagar i veka og å gjennomføra legetime via nett. Tenk om du er i Syden og blir sjuk, og kan snakka direkte med din private fastlege over Skype for så å gå på det lokale apoteket og henta ut medisin! seier Walle, spent før opningsdagen i morgon.

Etter opninga i Fana i morgon har Huslegene planar om å opna fleire avdelingar.

– Innan utgangen av 2017 skal vi ha til saman tre klinikkar i bergensområdet. Vi vil òg ta dette til andre byar i Noreg, men det blir i 2018.

Om Arne Instebø (tekst frå Brann.no): Arne Instebø er lege og har vært tilknyttet Branns medisinske team siden 2012. Instebø var ferdig utdannet lege i 2004 og har siden jobbet som allmennlege hvorav de siste ni år på Volvat Medisinske Senter. Han har drevet forskning og publisert vitenskapelige artikler innen treningsfysiologi og skrevet boken «Idrettsskader». Arne har erfaring som toppidrettslege. Januar 2016 var han med å etablere en egen idrettsmedisinsk avdeling på Stadion.

Fleire saker