Lokal | 10. juli 2010

Osing tatt på Tysnes

Ein båtførar frå Os hadde drukke minst dobbelt så mykje som han burde før han la frå land.

Osing tatt på Tysnes
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 10. juli 2010 09:27

Det har vore ei roleg natt til laurdag på Os. Bortsett frå ei trafikkulykke utan personskade ved Irisgården har politiet ingenting å melda.

Men mange osingar er desse dagane over fjorden for å vera med på Tysnesfest, og der har ikkje alt gått lovleg for seg.

Kystvakten har på oppdrag for politiet foretatt sjøkontroll i høve Tysnesfest fredag natt til lørdag.

- Ein person frå Os blei laurdag tatt med 1,6 i promille på blåseprøve og blir dermed meldt for brot på grensa for fritidsbåtar, som er 0,8, melder kapteinløytnant Roger Hoel.

- Båtfolket er elles flinke til å følgja reglane som gjeld, som bruk av flyteutstyr og lanterner, legg han til.

Kystvakten kjem til å halda fram med å kontrollera båttrafikken rundt Våge denne helga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.