Næringsliv | 07. juli 2015

Osingane fryktar ikkje krisa i Hellas

– Seinast denne veka selte vi turar til Kreta, det er knapt ledige sete, fortel Jelena Lunde og Jo T. Kirkeli.

Osingane fryktar ikkje krisa i Hellas
Jelena Lunde (t.v.) og Jo Thornton Kirkeli opplever framleis godt sal til Hellas. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 07. juli 2015 12:01

Vêret i Os har tydlegvis meir å seia enn valtuaen i Hellas.

– I fjor reiste det fleire fly med ledige sete og prisane blei dumpa. 30 gradar i Noreg gjorde at mange heldt seg heime, fortel Jo Thornton Kirkeli frå Travelnet Os Reisebyrå.

No, to veker ut i skuleferien, er det eit renn av folk som vil oppleva meir enn 13 gradar og regn.

Ingen avbestillingar til Hellas

Os Reisebyrå sel charter for Ving og Apollo og Hellas står for over halvparten av charterreisene dei sel.

– Det har vore nokre få telefonar frå folk som vil forsikra seg om at reisa går som planlagt, men ingen som har avbestilt. Dei ville i så fall ikkje fått reisa refundert, då det ikkje er nokon grunn til å avbestilla.

Prisane er sett noko ned, men no er det nesten ingen ledige sete til Hellas.

– Vi har to plassar 18. juli, på to vekerstur. Vil du reisa éi veke så har vi ikkje ledig før 25. juli.

Minibank, bakkemannskap og bensin

Det blir anbefalt å ta ut euro i Noreg før avreise.

– Men det er ikkje vits i å ta med seg for mykje. Du får framleis ta ut pengar i minibankane, det er berre dei greske bankkorta som har grense på 60 euro per dag.

Skal du ta med deg meir enn 25.000 kroner (drygt 2.600 euro) i kontantar må du deklarere beløpet først. Les meir om dette på toll.no.

– Kva er det verste som kan skje med utviklinga i Hellas framover, slik du ser det?

– Enkelte fryktar at bakkemannskap ikkje skal dukka opp på jobb, eller at det blir vanskeleg å få tak i drivstoff. Men vi reknar med at det uansett er trygt når du reiser med store selskap som Ving og Apollo, seier Jelena Lunde.

– Dei har vist det før at om det er problem eller streik så chartrar dei nye fly og reisa går som planlagt. Dei er flinke til både å informera og å ordna opp.

Auka mengde skreddarsydde reiser

Trass stor pågang på sydenreiser er ikkje charter den viktigaste varegruppa til Os Reisebyrå.

– I tillegg til cruise i Middelhavet om sommaren og i Karibien om vinteren set vi opp mange turar utanom dei tradisjonelle sydenferiane.

– Ofte handlar det om kombinert storby og bilferie i Sør-Europa, som Frankrike, Italia og Portugal, der vi ordnar med både fly, ulike hotell og leigebil - og foreslår rute saman med dei som skal reisa.

– Vi har også nettopp lagt ut ein spennande tur i mars neste år, til New Orleans med påfølgjande cruise i Karibien, med Terje Bjørdal og Edvard Pettersen som reiseleiarar.

Der er interessa allereie stor.

– Det er nokre år sidan sist vi gjorde, og det er berre 60 plassar. Det var suksess sist og vi har eit veldig bra program denne gong òg, seier Jo og Jelena.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.