Sport | 10. apr. 2017

Osingar har gjort fjellet klart

Osingane André Marton Pedersen og Marit Djupvik jobbar begge for Bergen og Hordaland Turlag. – Løypene er kvista og hyttene er klare til å ta imot påskeglade nordmenn.

Osingar har gjort fjellet klart
Hallingskeid er eitt av områda Bergen og Hordaland Turlag har kvista og klargjort for påskeferien (foto: André Marton Pedersen)
Andris Hamremandag 10. apr. 2017 10:02

Bergen og Hordaland Turlag har tilsaman 25 hytter opne og klare for besøk i påsken. Hyttene ligg i Bergsdalen/Kvammafjella, Stølsheimen, Hardangervidda vest, Folgefonna, Hallingskeid, Osterøy og i Nordfjord med den nye og spektakulære Skålabu rett ved Skålatårnet.

– Det vil vera hytteverter på Hadlaskard og Hallingskeid i heile påsken frå og med søndag 9. april. Hyttevertane viser gjestane tilrette på hytta, bakar brød og set i gang aktivitetar. På Hallingskeid blir det òg grilling og påskerenn, fortel Marit Djupvik, hyttedriftansvarleg i Bergen og Hordaland Turlag.

Laget vidarefører òg tradisjonen med fast opphold på Aleksander Grieg hytta i påskeferien.

– Dette er eit tilbod til familiar som i all hovudsak ønskjer å styre løpet sjølv, og som tek med seg sin eigen mat. Hyttevaktane vil setta opp forslag til aktivitet.

Kvista løyper

I vekene før påske har frivillige og mannskap frå DNT kvista vinterløypene frå hytte til hytte for å gjera det lettare å finna fram. Men sjølv om løypene er kvista påpeiker turlaget at ein alltid må hugsa kart og kompass.

– For mange blir det ikkje skikkeleg påske uten ski på beina og appelsinpause i solveggen, og det er det store moglegheiter for framleis. Frivillige og tilsette i DNT har jobba på spreng dei siste vekene for at du skal kunne få den perfekte påskeferien, seier generalsekretær i Den Norske Tursitforening, Nils Øveraas.

Framleis nok snø

Sjølv om påsken er sein, og ein må vera ekstra merksam på opne elver og utrygge vatn, så er april ei spesiell flott tid i fjellet, med lyse dagar og ordentlig varme frå sola.

– Det ser ut til å bli ei mild og varm påske, noko som er ekstra kjekt for alle barnefamiliar. I tillegg er det nok snø til å gå på ski når ein kjem seg eit stykke opp i fjellet, seier Helene Ødven, dagleg leiar i Bergen og Hordaland Turlag.

Her kan du sjå daglege føremeldingar frå turfolket.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.