Osingar i sving på BrassWind
Søndag kan du sjå dansarar frå Os kulturskule og høyra musikk frå Jone Finne Kuven på Brasswind-festivalen i Bergen.
Bildeserie:
BrassWind-festivalen vart skipa i 2004 og er ein festival årleg festival for wind-, brass band og ensemble. På festivalen møter flinke, engasjerte amatører profesjonelle utøvarar, dirigentar og komponistar.
Dei lokale dansarane, leia av Patricia Langeland vil vera ein del av Midtun Skoles Musikkorps sin konsert i Universitesaulaen på søndag. Korpset vert dirigert av Christian Breistein.
– Midtun Skoles Musikkorps er rekna som ei av dei beste i Noreg, og dei er med Breistein i spissen ein viktig pådrivar for ny norsk musikk for skulekorps seier leiar for BrassWind, Margie Antrobus.
– For ein samtidsmusikkfestival som BrassWind er det inspirerande å sjå slikt engasjement frå musikarar og dirigent.
Korpset skal framføra eit heilnorsk program kor Jone Finne Kuven sin komposisjon «Three Rusticles From A Sunken Ship» er eit av innslaga.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilbod: 1 månad for 1 kr
No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Frå 145 kr/md.
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.