Sport | 20. des. 2010

Osingar i talent-tropp

To Os-spelarar er tatt ut til Talent Hordaland, i tillegg får to 95/96-spelarar frå Os trena i Vestlandshallen i vinter.

Osingar i talent-tropp
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 20. des. 2010 11:09

Hordaland Fotballkrets og Løv-Ham Fotball samarbeider denne vinteren om spelarutviklingsprosjektet «Talent Hordaland».

Fredag 17. desember blei troppen publisert, og dei to Os-spelarane Erik Kanestrøm og Joachim Bjørnevik er blant talenta som er tatt ut.

Her er heile troppen

Erik og Joachim får éi treningsøkt i veka med apparatet til Løv-Ham, i Vestlandshallen, saman med andre talent frå Hordaland mellom 16 og 18 år.

Fredrik og Frode i 95/96-tropp
Også yngre spelarar får tilbod om å trena med hordalandstalent i Vestlandshallen denne vinteren. Ingen frå Os er tatt ut i 97-uttaket, men for gutar fødd i 1995 og 1996 stiller Os med to.

Her er heile uttaket

Fredrik Heggland og keeperen Frode Moberg Øvredal får delta på dei til saman 17 samlingane i vinter, den siste går 4. til 5. april.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.