Linn Karlsen (t.v.) og Ina Christine Eide, begge frå Os, kan sjå fram til eliteseriespel frå hausten av. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh) 

To osingar rykte opp til eliteserien i innebandy

Linn Karlsen og Ina Christine Eide speler begge på Fjell-kameraterne - til hausten vert det toppnivå-spel. 

image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Nyleg vart det klart at damelaget til Fjell-kameraterne vann 1.divisjon sørvest, og med det vart laget klare for eliteseie-spel frå hausten av.

På laget finn du spelarar frå Os - ei med lang fartstid i sporten, og ei som fram til nyleg gjorde det mest for gøy.

No kan dei begge sjå fram til meir trening og meir reising.

Stort miljø i Bergen

Linn Karlsen kan sjå bak seg 20 år med innebandy-spel.

Ho har tidlegare spelt i eliteserien, og har ei tatovering som bevis på at ho har vunne i NM i sporten.

– Eg kjem frå Fredrikstad, og der er det eit stort innebandy-miljø. Å få returnera til eliteserien er noko eg tykkjer er stas. 

Linn og Ina Christine fortel at innebandy-miljøet er i vekst, og der det tidlegare berre var tre-fire lag i ein divisjon, er det no sju-åtte lag ein speler mot.

Il Fjell-Kameraterne har hatt ei eiga innebandy-avdeling sidan 2003. Klubben, som vart stifta i 1919, driv òg med bordtennis og fotball. Klubben har både herre- og damelag, og på damesida stiller dei med eitt første, og eitt andrelag.

Høgt tempo og mange steg

Innebandy vert oftast spelt på same flate som i handball, men banen vert omkransa av eit vant. Kvart lag stiller med fem spelarar kvar pluss keeper. 

Linn og Ina Christine fortel om eit spel med høgt tempo og kjappe spelarbytte.

– Vi er gjerne på banen i eitt til tre minutt om gongen, og då skal du gje alt, fortel Ina Christine. Det er høg puls, og det vert mykje det same som intervalltrening. 

Til eksempel hentar Linn fram frå treningsklokka si talet skritt ho tok på førre trening;

– Det vart 17.000 skritt på den treninga …

Ein vanleg kamp endar oftast med fem til ti mål til kvart lag. Til dømes enda den avgjerande kampen som sikra eliteserie-spel 9-7 til Fjell-kameraterne. 

– Men vi har scora så mykje som 26 mål i éin kamp, legg Linn til. 

Innebandy i Os?

– De reiser begge til Bergen for å trena og å spela kamper. Til hausten skal de spela i elitedivisjonen, med kampar i Oslo - finst det eit miljø i Os?

– Vi traff kvarandre på Søfteland, fortel Ina Christine.

– Det er ei heilt uformell trening kvar torsdag på Søfteland, og då Linn stakk innom ein gong, vart det min inngangsport til å satsa på sporten. I tillegg er det på måndagar ei like så uformell trening for herrar. 

Linn fortel at ho for nokre år sidan tok ein runde rundt i bygda for å sjå interessa og moglegheitene for å få til ein eigen klubb.

– Interessa er der, men det var hall-kapasitet og treningstider det stod på.

– No er det bygd fleire nye hallar sidan den gongen, og fleire kjem, så kanskje det med tida kan bli ein eigen klubb her i Os. I mellomtida er alle hjarteleg velkomen til dei uformelle treningane vi har på Søfteland, legg Ina Christine til. 

To kampar att - så byrjar opptreninga

Sjølv om Fjell-Kameraterne allereie er klare for eliteserien, står det att to kampar i årets sesong. 

– Frå april av byrjar opptreninga fram mot sesongstart, og så er det full rulle i eliteserien frå september av, fortel Linn.

– Er det mogleg å gjera karriere som innebandy-spelar i Noreg?

– I Sverige, Finland og Tsjekkia er innebandy ein stor sport, og ein kan nok gjera ei karriere der, fortel Linn. Meg kjend er det vel éin herrespelar i Noreg som kan seiast å ha gjort karriere på innebandy. 

– For meg er dette berre dritgøy og sosialt - det er godt nok, avsluttar Ina Christine

Fleire saker