Lokal | 21. mars 2012

Osingar på fylkesmessa

Fire ungdomsbedrifter frå Os var med fylkesmessa med te, snop og datatilbehør.

Osingar på fylkesmessa
Stingma UB. Frå venstre Stein Erik Sørskog, Ingvar Nyborg, Espen Langhelle og Mats Skogstrand.(Foto: Solveig Sønnøve Hamre)
Solveig Sønnøve Hamreonsdag 21. mars 2012 13:43

I midten av mars gjekk fylkesmessa for ungdomsbedriftar av stabelen i Grieghallen. Os vidaregåande skule var representert med dei fire bedriftene Stingma UB, Dina Tea, Hot and Cold UB og Candy shop UB.

Stingma UB

Gutane i Stingma UB hadde ein USB-ladar til fleire telefonar i éin. Du kan lada alt frå Nokia-telefonar, til Samsung og diverse Apple-produkter med ladaren.

Gutane fann ut at det var mange som var lei av å ha mange ladere i stikkontaktane, og med multi-ladaren kan vennar låna når dei er på besøk. Dei ble inspirert av ein USB-ladar dei fann på nettet, og ville satsa på denne.

Kan det ikkje bli brannfarlig med så mange ladarar på ein gong?

- Viss du koplar alle i på ein gong vil det bli ein overbelastning ja, men då kjøper du berre to eller tre, forklarar dei unge gründerane.

- Om vi tek for oss ein vanleg familie på mor, far og to barn, er det fullt mogleg å lade i allefall for dei to barna og enten mor eller far sin mobil samstundes.

Dina tea

Veslemøy Lekven Moberg og Christina Blokhus i Dina Tea hadde økologisk, fairtrade-merka og nedbrytbar te som sitt produkt.

Veslemøy har sjølv vore nede på Sri Lanka og sett med eigne auge at produksjonen gjekk for seg på den same måten som dei sa at den skulle. Alle bilda dei viste fram på messa hadde ho teke sjølv.

Jentene hadde ikkje fått sendt opp nok te til og selje på messa, men tok imot vel 10 bestillingar i løpet av dagen.

Hot and Cold UB

Hot and Cold UB besto av Vibeke Thuen, Steffen Straume og Isak Røen. Deira produkt var todelt. Den eine delen var eit USB-kjøleskap til 0,33l boksar. Den andre var ein USB koppvarmar.

Kjøleskapet heldt ca. 5 gradar når det var kaldt, og kopp-varmaren var ca. 60 gradar når den var varm.

- Er det mulig å få kjøleskapet til å passe 0,5l flasker?

- Ja, det er det, men då bruker du mer energi enn du kan få fra pc’en, så da måtte du lade den i stikkontakt istaden for med USB, forklarar ungdommane.

Candy shop UB

Candy shop UB er ein ungdomsbedrift som består av 4 gutar. Adrian Hagevik, Liban Nur, Joakim Bjørnevik og Jan Ole Johannesen sel Snopposar.

Årsaka til at gutane valde snop som sitt produkt er at de er opptatt av å gje snop og kaker til folk som vi kose seg med familien og venar. I tillegg til at det er lett å tene inn att pengane dei har til utgiftar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.