Sport | 14. juli 2011

Osingar vann Meland Open

Mia Helen Hansen Hjelle og Øystein Engevik takla dei tøffe tilhøva best og vann på Meland.

Osingar vann Meland Open
Andris Hamretorsdag 14. juli 2011 09:51

Sist helg gjekk Meland Open av stabelen i skiftande vêr og relativt mykje vind. Dette gav vanskelege spilletilhøve for dei 39 golfspelarane som hadde funne vegen til Nordhordaland.

Mia Helen Hansen Hjelle var ei av kun tre damer som var påmeldt i dameklassa. Mia tok kontroll over konkurransen då ho gjekk dei første 18 hola på 96 slag, 23 slag over par og leia med 4 slag før dag to.

Ho fulgte opp laurdagens prestasjon med å gå ei ny runde på 96 slag, det same som konkurrenten Amalie Skurtveit frå arrangørklubben Meland.

Dermed blei ho kåra som vinnar av Meland Open 2011 i dameklassa.

Utflytta osing på heimebane

Golfproff Øystein Engevik skifta tidlegare i vinter klubb frå Bjørnefjorden til Meland i samband med at han fekk jobb som pro på Meland.

Engevik låg etter dag ein ett slag bak tidlegare klubbkollega og ven Sverre Marcelius. Sverre brukte 79 slag, medan Øystein måtte opp i 80 slag den første dagen.

I sundagens leiarball gjekk dei to saman med Gjermund Engelsen, også han frå Bjørnefjorden Golfklubb.

Engevik var den av dei tre som takla den lunefulle vinden best og kunne gå av den attende greenen fem slag framfor Sverre Marcelius. Engelsen fekk det tråare og ende på sjette plass etter dei to rundane.

Seks og ein halv blant dei 15 første

Bjørnefjorden golferane gjorde det totalt sett skarpt i konkurransen. Reknar ein med Engevik som ein halv osing tok Bjørnefjorden seks og ein halv plass blant dei 15 første på resultatlista.

1. plass - Øystein Engevik, +8
2. plass - Sverre Marcelius, +14
4. plass - Thomas Alvsaker, +22
6. plass - Gjermund Engelsen, +27
10. plass - Andersen Engelsen, +30
13. plass - Anders Grasdal, +36
14. plass - John Arntzen, +43

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.