Kultur | 28. juni 2019

Oskveldane: Aktivitet og avkopling

Ungdomen stortrivst på ny pumptrack, gjestar i hamna har funne roen i kveldsola.

Oskveldane: Aktivitet og avkopling
Osdagane skaper liv, men det gjer òg kveldane, både i hamna og på ny bane ved gjestebrygga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 28. juni 2019 19:39

Bildeserie:

Ikkje uventa er bubilparkeringa full også i kveld. (Foto: KVB)
Ikkje uventa er bubilparkeringa full også i kveld. (Foto: KVB)
Sigmund og Brit Jorunn har reist frå Karmøy til Os. (Foto: KVB)
Sigmund og Brit Jorunn har reist frå Karmøy til Os. (Foto: KVB)
Også i båtane i hamna er det godstemning i kveldsola. (Foto: KVB)
Også i båtane i hamna er det godstemning i kveldsola. (Foto: KVB)
Men på land er det høg fart! (Foto: KVB)
Men på land er det høg fart! (Foto: KVB)
– Dritkul bane! synest Vincent, Even, Mathias, Martin, Oliver og David. (Foto: KVB)
– Dritkul bane! synest Vincent, Even, Mathias, Martin, Oliver og David. (Foto: KVB)
Dei var ikkje åleine på banen i kveld. (Foto: KVB)
Dei var ikkje åleine på banen i kveld. (Foto: KVB)
Nokre hadde reist frå Lysefjorden til Os for å testa banen fredag kveld, (Foto: KVB)
Nokre hadde reist frå Lysefjorden til Os for å testa banen fredag kveld, (Foto: KVB)
Ved pumptracken har det òg kome på plass ein bocciabane. (Foto: KVB)
Ved pumptracken har det òg kome på plass ein bocciabane. (Foto: KVB)
1 av 8

Sola skin på Osdagane i år, og gjestane gler seg over livet på Øyro også etter at marknaden har stengt.

– Vi har høyrd om denne plassen, men aldri vore her før, seier ekteparet Brit Jorunn og Sigmund Baldersheim frå Karmøy.

Dei følte seg heldige då dei kom i 14-tida og fann ein ledig plass. Ein annan har stått på vent utover kvelden, og fekk nettopp parkert.

– Ikkje berre har vi kveldsol her på bubilparkeringa, det var jo veldig spennande å få inne i sentrum på dagtid. Vi har køyrd bubil i 30 år, og har høyrd rykte om denne plassen. Vi må vidare i morgon, men kjem nok tilbake.

Høg aktivitet på ny sykkelbane

Denne veka blei Os kommune sin pumptrack montert ved gjestebrygga.

Pumptrack er ein open, humpete bane for sykkel, sparkehjul og skateboard, og er saman med nye benkar og nybygd bocciabane klar for bruk.

– Banen er dritkul! seier Vincent, Even, Mathias, Martin, Oliver og David samstemt.

15-20 gutar og jenter på 9 til 13 år var i sving på banen i 19-20-tida i kveld.

– Alle bruker hjelm, men det er vel likevel vondt å ramla?

– Ja, men det er ikkje så mange som ramlar. Det skjer av og til, men går som oftast bra, spesielt med oss som syklar. Sparkehjul er litt lettare å gli med, eller å hekta borti noko, seier gutegjengen.

Flyttar båten til heimebane i helgene

I fleire båtar i Os hamn er det òg stemning i kveld, nokre ser ut til å vera på vorspiel, andre på cruisetur.

– Båten ligg normalt i Øyane, men vi tar den ofte inn til Os i helgene, om ikkje vi skal på langtur, seier Jørgen Kielland.

Han bur i eit nabolag nær Os sentrum, men liker seg ekstra godt om bord i eigen båt i hamna.

– Vi har lagt her sidan i går, og skal no ein tur over til Våge.

I mellomtida ser det ut til å bli ein god festdag i sentrum, med nesten full takterrasse og allsong hos Havnechefen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.