Næringsliv | 21. mars 2010

Over 500 såg sjøfronten

Innertiar! seier Storbergen-direktør. Kvar skal vi setja bubilen? spør ekteparet Sundstrøm.

Over 500 såg sjøfronten
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 21. mars 2010 20:18

Bildeserie:

1 av 4

Dagens tomtevising på Os Sjøfront med tilhøyrande informasjonstreff på Peppes blei ein suksess. Frå før klokka 12 til etter at det i 15-tida blei runda av var det folksamt både på den nye moloen i prosjektet og på pizzarestauranten.

- Ut frå det vi kan rekna oss fram til av serverte pizzaer og kaffikoppar og utdelte prospekt har vi hatt minst 500 på vising. Dette er innertiar, vi er veldig nøgd, seier administrerande direktør i Storbergen Boligbyggelag Anne Gine Hestetun.

- Veldig interessert
Sjølv om det såg ut som om fleire av dei som gjekk langs den komande strandpromenaden i dag berre var innom som ei ekstra sløyfe på sundagsturen, var det også mange som var målretta på det som handla om prosjektet.

- Eg har ikkje tal på kor mange som står på liste over interessentar, men vi har hatt det travelt her i restauranten med å svara på spørsmål, dela ut prospekt og notera namn og nye medlemsskap.

- Nokre har gått på Os for å ta ut penga for å melda seg inn raskask mogleg, andre har sett seg veldig godt inn i prospektet og kom med detaljerte spørsmål. Interessa er rett og slett veldig stor.

Plass til bubil?
Midtsiden.no snakka også med eit av ektepara som var på vising i dag.

- Vi er frå Nord-Noreg og flytta til Os i 1995. No vurderer vi å selja einebustaden vår i Holt og kjøpa her nede, det ser veldig lovande ut, seier Jorun og Ivar Sundstrøm.

- Men eg må sjekka kva parkeringskapasitet vi får for vi har ein ganske ny bubil som vi vil ha med oss, seier Ivar og ler.

Han lo ikkje like mykje då han skulle sjekka det han trudde var eit gamalt medlemsskap med høg ansiennitet.

- Etter at vi flytta frå Bergen gjekk det ikkje så mange år før medlemsskapet gjekk ut. Eg trudde vi framleis var medlem, men no må vi visst teikna oss på nytt.

Tildeling i april
Onsdag 7. april går fristen ut for medlemmar i Storbergen Boligbyggelag som vil varsla at dei vil bruka forkjøpsrett i Os Sjøfront-prosjektet. Veka etter er første tildeling.

- Onsdag 14. april er de tildeling, og slik det ser ut på responsen blir det mange som får seg ny bustad på bryggekanten denne dagen, seier Hestetun.

Går det som sjøfrontseljarane håpar blir det sal på dei neste to blokkene frå 17. mai og byggestart i august/september. Då blir det også innflytting i juni 2012.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.