Lokal | 05. apr. 2017

Over 54 milliardar til Hordaland

NTP 2018-2029 blei lagt fram i dag. – Vestlandet bli betydeleg oppgradert med denne satsinga, seier regionvegsjef Helge Eidsnes.

Over 54 milliardar til Hordaland
Regionvegsjef Helge Eidsnes i Statens vegvesen. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 05. apr. 2017 12:43

Oppstart både på Rogfast og Sotrasambandet:

Stortingsmeldinga Nasjonal transportplan (NTP) 2018-2029 vart lagt fram av regjeringa onsdag. Den kjem litt over eitt år etter at Statens vegvesen og dei andre transportetatane la fram grunnlagsdokumentet for denne planen.

-Stortingsmeldinga gjev oss gode avklaringar på korleis vegnettet på Vestlandet skal utviklast dei neste 12 åra. Og vi får nok å gjere på. Vi kjem no blant anna til å starte så raskt som råd med bygginga av Sotrasambandet og Rogfast.

– Det siste vil utan tvil vere det største vegprosjektet vi nokon sinne har sett i Norge, og det vil gje ei ny tidsrekning for samferdsla på Vestlandet, seier regionvegsjef Helge Eidsnes i ei pressemelding i dag.

Satsar på E39

I tillegg til store investeringar i Rogaland og Hordaland, er det også lagt opp til ei vidare utvikling av E39 i Sogn og Fjordane. Der vert det ny veg langs Jølstravatnet, utbering av vegen mellom Myrmel og Lunde i Gaular kommune, og omkøyringsveg forbi Vadheim i siste seksårsperiode. I tillegg er det sett av 1 milliard kroner til utbetring av E39 mellom Byrkjelo og Sandane.

Sjå liste over alle investeringsprosjekt til veg her: Meld. St. 33 vedlegg 1 side 320-325

- Sjølv om dei store fjordkryssingsprosjekta får stor merksemd, er det viktig for oss å få vekk flaskehalsane som dagleg er til hinder for trafikantane. Difor er det positivt at vi no kjem i gang og kan starte bygginga av ny tunnel mellom Myrmel og Lunde.

– Legg ein til E39-investeringane på Svegatjørn-Rådal i Hordaland, samt Ålgård-Hove og Smiene-Harestad i Rogaland, så vil hovudfartsåra på Vestlandet bli betydeleg oppgradert med den satsinga som no ligg i stortingsmeldinga, seier Eidsnes.

Sjølv om det kjem pengar til mange nye prosjekt, legg regjeringa opp til at Statens vegvesen skal utgreie fleire store prosjekt med tanke på gjennomføring i siste seksårsperiode.

- Ja, det stemmer. Både når det gjeld Hordfast og E16 frå Arna til Voss har vi fått i oppdrag å utgreie meir med tanke på enklare standard og reduserte kostnader.

– I tillegg skal vi syte for at alle prosjekt som er prioritert i andre del av perioden skal ha ferdige planar. Dette arbeidet er vi allereie godt i gang med, mellom anna på E134 Røldal-Seljestad, seier regionvegsjefen.

Løyvingar til skredsikringsprosjekt

Regjeringa legg opp til å rassikre to vegstrekningar i regionen i første seksårsperiode. Det er rv. 13 Vik-Vangsnes og rv. 5 Kjøsnesfjorden.

- Her skal det byggast tunnalar begge stadane, og det er det einaste som gjev fullgod sikring mot skred på desse strekningane. Eg merkar meg elles at det i siste seksårsperiode framleis skal satsast mykje på skredsikring i vår region.

– Blant anna med sikring av den rasutsette E16 gjennom Nærøydalen, E39 ved Skjersura (Jølster) og i Våtedalen (Jølster/Gloppen). Også på rv. 13 ved Rødsliane (ikkje Rødsliane i Os) og Melkeråna ligg det inne pengar til to tunnelar, seier Eidsnes.

Byutvikling i Bergen og Stavanger

Både i Bergen og Stavanger blir det i desse dagar forhandla fram avtalar med kommunane og fylkeskommunane. Desse avtalen skal forplikte partane til å tenke meir miljøvenlege løysingar. Det blir gjort gjennom såkalla byvekstavtalar, der hovudmålet er betre arealplanlegging, tilrettelegging for gåande og syklande, samt auka kollektivtrafikk.

– Desse bypakkane som vi skal administrere er viktige og verkeleg store miljøsatsingar. To av dei er godt kjente, som Bybane-satsinga i Bergen og Bussveien i Stavanger.

– I stortingsmeldinga er det sett av 66 milliardar kroner til ni byområde i Norge dei neste tolv åra, så får forhandlingane avklare korleis pengane skal brukast, avsluttar Eidsnes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.