Når drivinga er over blir det innreiingsarbeid i tunnelane. (Foto: Geir Brekke, Statens vegvesen)

Over halvvegs til byen

E39 Svegatjørn-Rådal: Tek juleferie på halvvegen gjennom Lyshorntunnelen.

Av: Andris Hamre

22. februar fekk arbeidarane på E39 mellom Os og Bergen gjennomslag i Skogafjellstunnellen.

Les òg:

Gjennomslag i Skogafjellet
– No ska' da smella om to minutt 
Gustav Alfred (7) fekk første tur gjennom tunnelen 
Signerte avtale på 57,5 millionar 
Denne skal sikra vatn til Os 

Gjennom våren, sommaren og hausten har arbeida gått for fullt i Endelausmarka og vidare med tunneldriving i Rå-, Sørås- og Lyshorntunnelane.

– I den lengste tunnelen i prosjektet, den 9,2 kilometer lange Lyshorntunnelen er vi døyt halvvegs i mål no når vi tek juleferie, fortel Geir Brekke, kommunikasjonsrådgjevar i Statens Vegvesen.

Der står det att tilsaman over 6.400 meter i dei to tunnelløpa før det kan bli gjennomslag.

– Vonleg skjer det i siste delen av 2018. Det meste av drivinga skjer no gjennom utmark og fjellterreng.

Tek pause til 2. januar

I løpet av torsdagen og fredagen stengjer entreprenørane ned alle byggeplassane på E39 Svegatjørn-Rådal.

– Byggeplassen i Fana blir stengt i løpet av torsdagen, men det blir levering av stein til Hordnesskogen fram til fredag klokka 14. Byggeplassane i Os stenger også ned i løpet av fredagen. 

– Anleggsmannskapa tek til att 2. januar. Vi i Statens vegvesen vil nytte høvet til å takke tolmodige naboar og trafikantar gjennom året som snart er over. Det blir nok framleis tungt anleggsarbeid og ikkje minst trafikkproblem også i 2018 ein del plassar, avsluttar Brekke.

Fleire saker