Lokal | 03. nov. 2018

Overfall: Ønsker tips om konkret bil

Politiet ber publikum om hjelp etter overfallsforsøket torsdag kveld.

Overfall: Ønsker tips om konkret bil
Her, på nordsida av Amfisenteret, skal ei ung kvinne blitt forsøkt overfalt torsdag litt før midnatt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 03. nov. 2018 08:49

Fredag fortalte politiet om forsøk på overfall ved AMFI Os.

Rundt klokka 23.45 blei ei ung kvinne forsøkt overfalt. Gjerningspersonen blir skildra som mann på 30-40 år, som hadde med seg ein stor hund.

No fortel politiet at dei òg ønskjer tips om ein konkret bil.

– Om nokon har opplysingar om ein koksgrå Nissan Leaf, som køyrde inn på området rundt Amfisenteret rundt klokka 23.45, så ber vi dei ta kontakt med oss, seier politioverbetjent Rune Fimreite.

Kvinna blei ikkje skadd i overfallsforsøket. Politiet vil av omsyn til etterforskinga ikkje ut med nærmare skildring av episoden eller mistenkte.

Dei seier heller ikkje kvifor dei ønsker meir informasjon om den koksgrå bilen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.