Kultur | 17. juli 2020

Overraska med ein sjekk på 100.000 kroner

Sparebanken Vest dukka opp i Solbakkestova.

Ørjan Håland
Ørjan Hålandfredag 17. juli 2020 11:56

Sigrun Legland og Benedikte Toftesund frå Sparebanken Vest ville overraska vår lokale kunstnar, Arne Mæland, med ein betydeleg opprustningssjekk på heile 100.000kr.

– Når nokon skapar ein slik skulpturhage og attpåtil åpner opp og inviterar Bjørnafjordingar til å benytta seg av den, så fortjener det merksemd.

– Solbakkestova er allereie ein kulturattraksjon i bygda, og vi ønskjer at Arne skal kunna vidareutvikla denne flotte staden, seier Benedikte Toftesund.

Både Arne og Vidar Mæland vart både overraska og glad for å få besøk frå Sparebanken Vest og deira sjekk på 100.000kr. (Foto: ØH)
Både Arne og Vidar Mæland vart både overraska og glad for å få besøk frå Sparebanken Vest og deira sjekk på 100.000kr. (Foto: ØH)

Heilt eventyrleg!

Kunstnaren sjølv visste ikkje noko om denne overraskinga, eller om sjølve beløpet som skulle delast ut. Han vart sjølvsagt både overraska og glad.

– Dette er heilt eventyrleg! Å få 100.000kr er heilt ufatteleg, dette kjem godt med no når hausten kjem og vi skal oppgradera hagen til våren 2021, seier Mæland.

Dronningveps

Den unge kunstnarlærlingen, Jonas Bratlund Mæland har vore oppteken med å laga ny skulptur til hagen i Solbakkestova. Den fikk damene frå Sparebanken Vest vera med inn i verkstaden for å sjå.

– Her har vi et skikkelig kunstnartalent, påpeikar Toftesund.

Ny skulptur til hagen i Solbakkestova er i ferd med å ta form. Ein gedigen dronningveps som kan klatrast på. (Foto: ØH)
Ny skulptur til hagen i Solbakkestova er i ferd med å ta form. Ein gedigen dronningveps som kan klatrast på. (Foto: ØH)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.