Lokal | 15. sep. 2009

Overraska og skuffa

Venstre har gjort eit dårleg val, både på landsbasis og lokalt.

Overraska og skuffa
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 15. sep. 2009 08:34

På landsbasis gjekk Venstre tilbake 2,1 til 3,8 prosent, noko som førte til at Lars Sponheim mista plassen sin på stortinget og trekte seg som partileiar.

Også i Os gjekk partiet tilbake, 4,2 prosent oppslutnad er heile 3,8 prosentpoeng tilbake frå valet i 2005.

- Eg er naturlegvis skuffa, og litt overraska. Det har vore temmeleg store forandringar tett opp mot valdagen, om vi ser i forhold til meiningsmålingane tidlegare i valkampen, seier Tore Rykkel frå Os Venstre.

Tilbake til Høgre
Partileiarane på borgarleg side har kvar sine forklaringar på kvifor borgarleg side tapte valet. Dagfinn Høybråten meiner Høgre har skulda, sidan dei "rei på to hestar", Siv Jensen skuldar på Sponheim og Venstre, som ikkje ville samarbeida.

- Eg vil ikkje spekulera så mykje på kvifor, men ut frå erfaringar eg har gjort den siste tida, og samtalar eg har hatt med osingar i valkampen, trur eg at eg har ei viss peiling på kvar våre veljarar har tatt vegen, seier Rykkel.

- Veljarar som tidlegare ikkje har vore så nøgd med Høgre kan ha gjeve oss eit løft i tidlegare val, men no har nok mange gått tilbake til Høgre. Vi kan også ha mista litt til KrF, sjølv om dei gjekk tilbake.

KrF gjekk i Os tilbake med 1,5 til 5,8 prosent.

Miljøpartia tapte
Arbeiderpartiet sin vekst på 2,8 til 35,4 prosent på landsbasis redda raudgrønt fleirtal. Sp sto nærmast i ro med 0,3 tilbake medan SV gjekk 2,7 tilbake til 6,1 prosent.

SV og Venstre har klar fokus på miljø, og blei dei to partia som gjekk mest tilbake.

- Det blei lite fokus på ideologi og politiske tema i denne valkampen, meir på person, strategi og moglege regjeringsalternativ. Samstundes har nok vi vore for dårlege til å få fram våre prioriteringar, miljø og menneskeverd, seier den lokale Venstre-sjefen.

Lokal innsats
Rykkel ser tilbake på valkampen som ei fin tid. Å vera ute blant veljarane, og dei politiske konkurrentane, er noko han trivst godt med.

- No har vi ei utfordring med å vinna tilbake veljarar til neste val, kommune- og fylkestingval om to år. Då skal vi bli flinkare til både å visa til gladsaker innan miljø, og til konkrete lokalsaker, seier Tore Rykkel.



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.