– Overraskande annleis
Arkitekt og malar Alice Bigom prøver nye kunstar i Vognhallen.


Alice Bigom har blant anna teikna Stegen 2, den ombygde trafokiosken der rockeklubben tidlegare heldt til, og ho har sett strekane til Vindu mot Fjorden, prosjektet der firmaet ho er medeigar i, Abo Plan & Arkitektur har kontor.
I det same anlegget ligg Visningssenteret, der Bigom har stilt ut maleri, men kunsformen ho i desse dagar prøver seg på er nytt og ukjent for arkitekten.
– Det er så overraskande annleis, eg vil kalla det omvendt av å teikna, seier Alice.
Å starta med ingenting for så å skapa noko, strek for strek, er ulikt det å sitja med ein stein som du skal meisla noko ut av.
Treng tid
Det tredimensjonale er ikkje nytt for arkitekten, modellar har ho laga før.
– Likevel er det heilt forskjellig frå noko eg har vore borti før. I tillegg er det tidkrevjande, eg ville jo helst sett at eg blei ferdig i løpet av ein time, ler ho.
Men etter ein pause i kafételtet ved Vognhallen var det i arbeid igjen, og Bigom såg ut til å vera tålmodig nok med hammaren. Førebels ser dessutan arbeidet hennar symmetrisk og fint ut.
Attraktivt kurstilbod
Ho er ein av dei 12 kursdeltakarane under Os Internasjonale Skulptursymposium. Søndag starta det sjuande skulptursymposiet i Os, annakavrt år sidan starten i 1999 har tilreisande skulptørar jobba nær hamna i Os. I tillegg har det vore kurs for interesserte.
– Vi lyste ut kursplassane i april og det gjekk kort tid før kurset var fullsett, fortel Georg Jørgensen frå Os Kulturutvikling.
Instrukøren er, som for to år sidan, Eric Malou frå Togo i Afrika.