Lokal | 05. jan. 2018

Overraskande gåve til Luranetunet

Plutseleg sto Aune Sand i resepsjonen med 15 Vebjørn Sand-bilder i gåve.

Overraskande gåve til Luranetunet
Aud Winsents og Hilde Storum på Luranetunet fekk overraskande besøk frå Aune Sand og sonen torsdag (foto: Luranetunet)
Andris Hamrefredag 05. jan. 2018 14:43

Einingsleiar Aud Winsents fekk seg ei overrasking av dei store då ho plutseleg fekk vitjing på Luranetunet torsdag ettermiddag.

– Det kom heilt overraskande. Aune sto plutseleg i døra mi saman med sonen sin og lurte på om vi hadde lyst på nokre av bileta til Vebjørn Sand.

– Vi blei heilt øvergøvne. Det er rett og slett heilt fantastisk, seier ei takksam Aud Winsents.

Skal gleda bebuarane

Dei 15 bileta, i forskjellige storleiker og med ulike motiv, skal no bli hengt opp ulike stader på huset.

– Aune fortalte oss om kvart bilete, historia bak og kva dei forestiller. Eg forsto det slik at dei pleier vist å gjera dette på dei stadene kor dei kjem med popup-utstillinga si.

– Vi har ikkje kome så lagt at vi har funne ut kor vi skal henge dei fine bileta enno, men til veka skal vi ta oss ei runde på huset og sjå kor dei ulike passar inn slik at både tilsette og bebuarar skal få glede av dei.

– Eg må rett og slett igjen få lov å takke Sand-familien for denne fantastiske gåva. Vi set utruleg stor pris på den, avslutter Winsents.

Torsdag opna popup-utstillinga, med over 200 bileter av Vebjørn Sand, som står ut neste veke i Griegsamlingen på Oseana.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.