Sport | 20. aug. 2009

Overtar som kaptein

Damelaget til Os har ein stabil stall, men strek, kaptein og toppskårar Emilie Hjertnes må gje kapteinsbindet til veslesøstera Madeleine.

Overtar som kaptein
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 20. aug. 2009 22:01

Om tre veker startar handballen 2009/2010-sesongen, og andredivisjonsklubben Os stiller godt førebudd, men med ein viktig spelar ute av laget.

- Emilie skal bli mamma i vinter, og må naturlegvis står over denne sesongen, fortel trenar Kenneth Husebø.

Madeleine, Mona og Trine overtar
Med 99 mål førre sesong blei streken og kapteinen toppskårar. I tillegg har ho vore ei forsvarsklippe på laget som klarte 6. plass etter eit halvt generasjonsskifte.

- Vi kjem til å sakna Emilie, både på og utanfor banen. Trine Balland, som blei henta frå Nore Neset for to år sidan, overtar som strek saman med rutinerte Mona Stigen. Veslesøstera til Emilie, Madeleine, overtar kapteinsbindet, seier Husebø.

Trine blei kåra til årets spelar på Os 2 etter førre sesong. Sjølv om det var sjeldan Emilie trengte vikar fekk Trine også spela litt for førstelaget, og då klarte ho seg bra.

Etter førre sesong delte Madeleine andreplassen på toppskårarlista med Ingvill Hefte. Dei to skåra begge 84 mål, Madeleine med 84 spelemål, Ingvill med 54 i spel og heile 30 på straffe.

Godt førebudd
Damelaget til Os var nær opprykk våren 2008, men mista fleire gode, erfarne spelarar før førre sesong.

- Vi klarte oss betre enn venta. Store delar av laget består av spelarar fødd i 91, og det var ein god årgang i Os. No er jentene eitt år eldre, dei har mykje senior-erfaring, og har trent disiplinert sidan oppkjøringa starta 15. juni.

I midten av juni byrja jentene på eit opplegg med tre styrkeøkter i veka, to dagar med løping og éin med handball. Så har handballen gradvis overtatt for den reine fysiske fostringa.

- Spelarene stilte i overraskande god form då vi skulle starta oppkjøringa, og har vore veldig flinke til å følgja planen. Det lover bra for sesongen som kjem, seier trenaren.

At Maria Stangeland, som kom tilbake etter fødsel midt i førre sesong, no har fått med seg heile oppkjøringa, trur han også kjem til å bety ein god del.

Irene blir i Fyllingen
Os har prøvd å få Irene Tangerås, som putta 122 mål i 07/08-sesongen, tilbake til heimbygda før årets sesong.

- Vi hadde trengt ei jente som Irene på laget. Ho gjekk til Fyllingen i fjor sommar, men var ute med sjukdom mesteparten av sesongen. No er ho frisk, og eg forstår at ho vil bli igjen for å visa kva ho kan yta for førstedivisjonsklubben.

Nær medalje i opningscupen
I helga som var deltok Os i opningscup på Stord. Os starta noko svakt, med tap for Bjørnar fredag. Mot Årstad blei det ikkje uventa også tap, men så slo Os Fyllingen 2, der Irene spelte, 21 - 16.

- Vi tok oss til kvartfinale, og der imponerte jentene med å gje Fyllingen sitt førstelag ein god kamp. Dessverre tapte vi, men berre med eitt mål (18-19), seier Kenneth.

Samarbeid med Bjørnar
For jenter 18, altså 91-årgangen, som utgjer store delar av damelaget til Os, er Spar-serien den hardaste matchinga dei kan få. Jenter-18-lag over heile landet kjempar om å bli blant dei 12 laga det er plass til i serien, etter dette kjempar dei 12 beste laga i Noreg mot kvarandre i serie.

- For å auka sjansane til dei små klubbane våre å kvalifisera seg, har vi og Bjørnar eit samarbeid. Ved å samla våre beste spelarar i eitt lag får vi både talenutvikling og god erfaringsutveksling.

Laget skal heita Bjørnar, men spela i gult og ha Oshallen som heimebane.

- Klarer dei å kvalifisera seg så er det stort, noko som ikkje har skjedd i Os på mange år. Både fellestrening, kvalifiseringkampar med dei beste frå Bjørnar, og eventuelt spel i Spar-serien, er noko jentene kjem til å veksa mykje på. Sidan desse også spelar på damelaget vårt, vil også dei tena på dette, trur Kenneth.

Os sitt damelag startar sesongen med bortekamp mot Årstad 2 laurdag 12. september.



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.