Næringsliv | 22. juni 2011

Overtok sjefshjelmen

Tysdag gjekk senterleiar Tøsdal ut i permisjon. Ein rutinert reklamemann, som har forelska seg i Os, steppar inn som vikar.

Overtok sjefshjelmen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 22. juni 2011 08:29

Senterleiar på AMFI Os, Anne Kristine Tøsdal, ventar unge nummer to og har termin i midten av juli. I går hadde ho siste dag på jobb før permisjon.

– Eg var stressa for nokre dagar sidan, men no føler eg at eg har fått runda av. Så får eg håpa at ikkje babyen kjem lenge før tida, for eg har litt å gjera heime òg, ler Anne Kristine.

Hand i hanske

Vikaren som steppar inn er som skreddarsydd til oppgåva; Christer Danielsen er reklamemann med kjøpesenter som spesialitet, har tidlegare vore vikar som marknadssjef på Åsane Senter og flytta i vinter til Os, ei bygd han har forelska seg i.

–Det var heilt utruleg at eg som nytilflytta osing, på jakt etter jobb i ny heimbygd, skulle få høyra om denne ledige jobben, som berre var lyst ut internt i Amfi-systemet, seier Danielsen.

Danielsen har vakse opp i reklamebyrået til faren og jobba i vaksen alder for Oktan. Tidlegare kontaktar i kjøpesenterbransjen informerte han om vikarjobben, noko også avtroppande Tøsdal er glad for.

– Det er lettare å gå ut i permisjon når vi har fått tak i så kvalifiserte krefter.

Oppkalla etter Os

Christer, som kjører skuter til jobb for ikkje å stela parkeringsplass frå kundane, er også mjuk trafikant når han er på sjøen. Treff du han i skjergarden er det helst i ein kajakk.

– Os er fantastisk på mange måtar, ikke minst når det kjem til båtliv, skjergarden er perfekt for padling!

Danielsen har kort veg til sjøen.

– Tomtekjøpet på Hovland var eit spontankjøp, vi hadde vore på visning i Os og kjørte mot Strøno på veg heim, for å sjå om det gjekk an å koma seg til Fanafjellet den vegen. I staden hamna vi opp i Hagavik Panorama. Dette var ein torsdag, laurdagen kjøpte vi og i januar sto huset ferdig.

Den vikarierande senterleiaren blei så fort forelska at sonen til han og kona Lena fekk namn som matchar bygda.

– Vi fekk vår førstefødde i oktober i fjor. Han fekk namnet Oskar, oppkalla etter Os, ein skikkeleg Os-kar, ler Danielsen.

Nyopningar og ombygging

I dag har Christer sin første dag på jobb som senterleiar.

– Det er ei stor oppgåve å følgja opp, under opplæringa har eg sett at Anne Kristine er ei veldig systematisk dame, ho har orden på alt!

– Samstundes er det betryggande, eit godt system å følgja. Dessutan har eg har både kjeden og eigedomssjef Solveig Oksholm Hunhammer å spørja om eg treng hjelp. Er det krise så får eg nok også tak i Tøsdal òg, trur han.

I juli får han vera med på første nyopning i AMFI Os, då opnar dørene i den nye Tilbords-butikken. Vidare held det fram med byggearbeid og utviding med ny Coop Extra, som skal flytta inn på tampen av oktober.

– Heldigvis ser det ut til at kundane er både trufaste og tålmodige under byggeprosessen, senteret har omsetningsvekst til no, trass i noko færre parkeringsplassar. Så får vi håpa at det held fram utover sommaren og fram mot stor nyopning i haust, seier Christer Danielsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.