Lokal | 15. juni 2014

Øving gav storgevinst

Stine Engelsen Tveit øvde til matte-tentamen og vann nettbrett i konkurranse med 24.000 andre elevar.

Øving gav storgevinst
Stine Engelsen Tveit med nettbrettet ho fekk overrekt av faglærar Ingunn Helland (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresundag 15. juni 2014 06:51

I mai blei "mattemaraton" arrangert for tredje gongen av leverandøren av Kikora, eit nettbasert læremiddel for matteoppgåver tett opp til utregnings- og eksamenkrav i grunnskulen og dei vidaregåande skulen.

På Os vidaregåande skulen blir verktøyet nytta i undervisninga. Det fleire av elevane ikkje hadde fått med seg var at dei ved å nytta verktøyet i førebuingane til tentamen i mai også var med i ei konkurranse med 24 000 andre elevar ved dei vidaregåande skulane i Noreg.

– Eg tenkte ikkje på konkurransa i det heile tatt.

– Læraren hadde vist oss lenka på It´s learning og eg tykte det var ein ok måte å jobba på.

– Difor nytta eg Kikora då eg skulle førebu meg til tentamen, fortel Stine Engelsen Tveit.

Ei av ti

Torsdag kom faglærar Ingunn Helland med premien, eit nettbrett frå Microsoft.

– Du er ein av ti elevar som var blant dei som hadde løyst over 1000 oppgåver og difor var med i trekninga.

– Ikkje berre har du gjort store framskritt gjennom året og løfta mattekarakteren din, men no har du òg vunne, smilte Helland då ho overrekte premien.

– Der ser de, det nyttar å jobba jamt og grundig gjennom året. Trening lønnar seg, helsa ho samstundes dei andre elevane på 1. trinnet på service og samferdsel på Os vidaregåande skule.

Ikkje mattenerd

Den unge prisvinnaren var oppteken av å ikkje bli framstilt som ein mattenerd.

– Det er ikkje slik at eg har sitte seine kveldar og løyst matteoppgåver, men det er mykje betre å rekna oppgåver enn å berre skulle prøve å forstå matten ut frå boka.

– Eg føler eigentleg at eg ikkje gjorde noko spesielt, men litt kult er det jo å bli ein av vinnarane, smiler ungjenta beskjedent.

Ekstra godt føles nok premien når matte også er avsluttande fag i år og bruken av systemet har hjelp til å få ein betre standpunktkarakter.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.