Sport | 10. okt. 2011

Øvrebø gjev seg som trenar

Søre Neset: Etter kveldens heimekamp, som enda med tap for Baune 2, gav Morten Øvrebø beskjed om at han gjev seg etter sesongen.

Øvrebø gjev seg som trenar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 10. okt. 2011 20:37

Morten Øvrebø overtok Søre Neset etter Cato Moldskred før 2010-sesongen, og var nær opprykk både i fjor og i år. No gjev han seg som trenar.

– Det er med tungt hjarte, det er ein utruleg fin gjeng og eit godt miljø i klubben, seier Morten til Midtsiden.

Tapte for sterkt botnlag

Spelarane fekk beskjed etter kampen mot Baune 2 måndag kveld. Siste heimekamp enda med 3-4-tap for botnlaget Baune 2.

– Laget Baune stilte med i dag er det beste vi har spelt mot i år, etter Lysekloster. Men hadde det stått om opprykk ville vi nok vunne denne, og hadde det stått om opprykk og Baune, som har stilt med eit så svakt lag gjennom resten sesongen, hadde stilt med denne gjengen, så hadde eg blitt forbanna.

Men måndag hadde ingen av dei to noko særleg å spela for. Søre Neset tapte siste håp om opprykk borte mot Rosendal i førre runde og Baune 2 rykker uansett ned.

Ulike ambisjonar

Øvrebø seier avgjerda om å gje seg blei tatt tidlegare i haust, men at han syntes siste heimekamp var passande tid å informera spelarane på.

– Det var greit å ta det når alle var samla litt etter kamp. Spelarane verka overraska, seier den avtroppande trenaren.

– Avgjerda har ikkje med at vi ikkje å rykker opp å gjera, i alle fall ikkje det åleine. Det er heller det at eg synes det er litt tungt å jobba med ei gruppe der ikkje alle har dei same ambisjonane og haldningane.

– Men du er framleis interessert i å vera trenar?

– Ja. Men det er ikkje tilbod frå andre klubbar som gjer at eg takkar for meg, forsikrar han.

– Og det er ikkje heilt uaktuelt å gå i dialog med Søre Neset igjen, om dei i løpet av vinteren styrkar stallen og viser at dei vil satsa.

Søre Neset - baune 2: 3-4 (2-1)

Mål, Søre Neset: Andreas Pettersen, Tore Kinden og Thomas Halhjem.

Søre Neset har til no 9 tap, 6 av dei på heimebane.

– At vi så langt som i førre runde kjempa om å halda liv i eit opprykkshåp er heilt utruleg med så svake resultat på heimebane.

Søre Neset avsluttar på bortebane mot Laksevåg 2, som Søre Neset slo 8-1 på heimebane i vår. Søre Neset ligg no på 5. plass, men kan klatra til 4. plass i siste runde.

Opprykksplassen bak Lysekloster er det Solid som kjempar mot Rosendal om - på banen til Rosendal.

Tabell, 5 div avd 2

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.