Lokal | 11. mars 2019

Øvsttun gravplass blir skanna

Politiet undersøker tolv graver i søk etter Trine Frantzen.

Øvsttun gravplass blir skanna
Trine Frantzen var 32 år då ho forsvann i mai 2004. (Foto: Privat/politiet)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 11. mars 2019 11:38

I dag er politiet saman med representantar frå firmaet Cowi på plass på Øvsttun gravplass for å skanna gravplassen.

Politiet stadfestar at dei søker etter Trine Frantzen, som blei meldt sakna i mai 2004.

– Vi har fått såpass sikker informasjon frå fleire ulike kjelde om at dette kan vera ein aktuell stad, seier politiinspektør Tore Salvesen til Bergens Tidende.

BT er på staden og har bilde og video av prosessen.

– Vi meiner politiet no kan løysa Trine Frantzen-saka, sa Insider programleiar Atle Evang Reinton til Midtsiden i november.

Politiet har etter Insider-serien hatt to mann på saka.

Bakgrunn:

• Trine Frantzen frå Os var 32 år då ho 13. mai 2004 blei meldt sakna. Då var det éi veke sidan sist nokon hadde sett eller høyrd frå Trine. Det gjekk 3,5 månadar før saka blei etterforska som mogleg drap.

• I oktober 2006 fekk spesialetterforskar Ola Thune, i TV Norge-programmet «Savnet» fram ny informasjon.

• To personar, ein av dei var Trine sin sambuar, blei sikta i 2007. Året etter blei saka henlagt grunna bevisets stilling.

• I februar 2012, i samband med etterforsking av drapet på Hilda Feste, kom det fram informasjon som gjorde at saka blei tatt opp på nytt. Men i desember same år, etter avhøyr av 45 vitne, blei etterforskinga trappa ned.

• I februar 2018 sa politiet, ifølgje BT, at dei ville gjera nye undersøkingar i saka , basert på nye tips.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.