Sport | 02. apr. 2018

Øyglimt er tilbake med seniorlag

– Me har tre stjerner, og to andre som allereie er heite kandidatar til tittelen «årets spelar», seier Ivar Bøthun.

Øyglimt er tilbake med seniorlag
Med erfaring frå MidtsidenCup, Os og Nore Neset, f.v.: Karl Ole Lyngbø, Torbjørn Hjelle og Ivar Bøthun blir del av Øyglimt sin første seniorstall på over ti år. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 02. apr. 2018 21:33

IL Øyglimt, som hadde 11-arlag fram til 1993, og var kretsmeistrar i ei årrekkje med 7-arlag (hadde blant anna 38 sigrar på rad), har vore over ti år utan seniorlag.

I år er dei tilbake, påmeldt i 7-ar med seriestart mot Fjell-Kameraterne på bortebane 22. april.

– Søndag 29. april er det første heimekamp. Då reknar me med full tribune og lang kø i kiosken, seier ein av initiativtakarane, «spelande kontaktperson» Ivar Bøthun.

Fleire frø fekk gjødsel på jubilumsfest

Ivar seier dei første frøa blei sådd for ei god stund sidan, men at desse fekk både gjødsel og bensin på festen i haust, der IL Øyglimt feira sine første 40 år.

• Les òg: Oddvin ramsa opp 40 år med IL Øyglimt

– Då me fekk høyra kor gøy dei andre har hatt det, dei som vaks opp før oss, så blei det fart i sakene, seier son til Oddvin.

Startar med rutinert stall

Om det er rundt 15 år sidan sist Øyglimt hadde seniorlag, så startar dei ikkje akkurat frå skratsj.

– Me er ein gjeng som har spelt lenge på Nore Neset, nokre av oss er frå Øyane, som no går over til Øyglimt når Nore Neset no har blitt meir som ein rekrutteringsarena for Lysekloster, seier Ivar og ramsar opp; Ruben Aasen, Roger Aasen, Paul-Kristian Haldorsen, Per-Olav Solberg Strønen og Lars Kristian Bruarøy.

– Kenneth Hufthammer har visst ambisjonar om å spela seg inn på A-laget til Lysekloster, så han blir igjen, humrar Ivar.

• Les òg: Søre Neset sparkar i gang A-lag igjen

Gamle og nye stjerner

Bøthun har òg nokre ekstra gode kort i ermet.

– Me har halde oss til indiske grenser og nøyer oss med tre marquee-signeringar; Torbjørn Hjelle (spelte frå start då Os leia to gongar over Vålerenga i 2004), Ørjan Bakke (blei nesten signert av Start, men ville heller «på fisje») og Sindre Leikvoll Moberg. Sindre fekk draktnummer 10 sidan broren speler i Eliteserien (Vegard, Bodø/Glimt). Det blei aldri diskusjon.

– Fiske kan framleis bli eit hinder, når båtane skal ut må andre trø til, då er halve stallen vekke. Heldigvis har me vore frå 4 til 22 på trening, så me bør alltids klara å samla ein gjeng som kan stilla.

Utanom dei som har spelt aktivt for Nore Neset dei siste åra har fleirehalde seg i sving med kameratfotball éin til to dagar i veka dei siste åra.

– Her har det dukka opp fleire storspelarar som har gått under radaren til alle klubbane i Os i oppveksten, som Morten Nicolay Nielsen, som debuterer i seniorfotball når han nærmar seg 50, og Karl Ole Lyngbø, Øyglimt sitt svar på Romelu Lukaku. Begge er umoglege å skubba på og begge bøttar innpå med mål.

– Morten og Karl Ole er allereie heite kandidatar til tittelen årets spelar, avslører Ivar tre veker før seriestart.

Går ikkje i konkurranse med Os Oldboys

– Me har nokre ungdomar på rett over 30, så me har meldt oss på i senior, ikkje oldboys. Osbygda har allereie eitt topplag i den klassen, så då får me i Øyane konsentrera oss om senior inntil vidare.

Det er tre avdelingar, men inga nivåinndeling i 7-ar senior.

– Myrdal var dei einaste som prøvde å melda seg på i 1. divisjon, men det blei berre tre jamne avdelingar, og vi fekk Myrdal i vår avdeling, så dei er vel favoritt. Eg trur det kan bli nivåinndeling etter vårsesongen.

Elles skal Øyglimt møta lag som Ragnarok, Årstad, Fri og Viggo 2.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.