Øyglimt lagde folkefest på heimebane
Opna bra, hamna under 1-3, men så fekk 200 tilskodarar sjå ei og anna spektakulær skåring.
Bildeserie:
Øyglimt, som er tilbake med seniorlag, debuterte med 4-16-siger i serieopninga på bortebane.
I dag var det tid for første heimekamp, og laget hadde, med spelande kontaktperson Ivar Bøthun i spissen, lagt rikeleg med press på seg sjølv.
– Dei bar om full tribune, og det fekk dei. Eg trur høge skuldre var med på å gjera dette spennande ei stund, seier Øyglimt-veteranane Oddvin Bøthun og Hans Otto Bruarøy før pause.
Det butta nemleg litt imot for heimelaget, som brente nokre sjansar før dei gjekk opp i 1-0, og som fekk oppleva at Myrdal, etter ein serie svake avsluttingar, gjekk opp i 1-3. Heimelaget hadde hatt 4-5 cornerar utan å skåra før gjestane fekk nettkjenning på sitt første hjørnespark. Så følgde ein keeperglipp på eit svakare skot og så ei 1-3-skåring på eit strålande angrep av gjestane.
Men Øyglimt hadde ikkje plan om å skuffa dei 200 (!), inkludert ordførar Marie Lunde Bruarøy, som møtte fram for å sjå senior 7-arfotball.
Øyglimt - Myrdal 9-4 (6-3)
Øyglimt: Ivar Vedholm Bøthun Paul-Kristian Haldorsen, Robert Vedholm Bøthun, Knut Jørgen Austevoll, Johannes Brimsholm, Ruben Vedholm Aasen, Raimond Halhjem, Torbjørn Hjelle, Tomas Austevoll, Karl Ole Lyngbø, Lars Kristian Bruarøy og Sindre Leikvoll Moberg.
Knut Jørgen Austevoll, som skåra 1-0-målet, fekk ei presis langpasning av debutant Torbjørn Hjelle, vendte av ein mann og reduserte til 2-3. Tomas Austevoll utlikna før Myrdal, på eit av dagens beste skot, skåra sjølvmål (4-3) i forsøk på å klarera.
Like spektakulært blei det då Ivar Bøthun prøvde seg frå fem meter. Keeper storma ut, fekk ballen i låret, og gav naturlegvis retur. Hjelle snappa opp returen og la kontant inn til Ivar, som elegant hælsparka den inn til 5-3. Tomas Austevoll auka til 6-3 før pause.
Øyglimt opna også 2. omgang best, men Myrdal skåra først i 2. omgang og det blei med nokre sjansar som skapte lyd på «tribunen» før Ivar Bøthun kunne senda heimelaget opp i 7-4.
Eit morosamt forslag
Myrdal gav aldri opp, men Øyglimt sin keeper var både god og heldig, så det blei med det eine målet imot etter pause.
Banens beste Torbjørn Hjelle, som sto for mykje godt forarbeid før pause, kom på igjen mot slutten av kampen og auka til 8-4 og 9-4 før dommar Ørjan Bakke bles av.
– Skal vi jogga ned? kom det frå ein av spelarane etter kamp.
Kameratane lo godt.
– Dette blei jo betre enn vi hadde håpa på, det var utruleg kjekt at det kom så mange sjølv om det kom regn, seier Ivar Bøthun.
Etter ein solrik dag i Os og Øyane skya det over og byrja å regna rett før kampstart, men vêret letta saman med heimelaget sine prestasjonar og nye Øyglimt fekk samla sett ein strålande første kamp på heimebane.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.