Kultur | 25. nov. 2018

P3-vinnar Ina Wroldsen er klar for Tysnesfest

– Det er berre til å reinsa allsong-halsen, seier arrangørane.

P3-vinnar Ina Wroldsen er klar for Tysnesfest
Ina Wroldsen er booka til Tysnesfest 2019. (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 25. nov. 2018 10:50

I går vann ho den gjevaste prisen på P3 Gull, i dag fortel Tysnesfest at Ina Wroldsen er klar for Gjerstad arena i 2019.

– Sjansen for at Ina står bak teksten på ein av favorittlåtane dine er nok stor. Ho står nemlig bak fleire globale superhits, og har jobba med artistar som Calvin Harris, One Direction, Tinie Tempah, Shakira, Brintey Spears, The Pussycat Dolls og mange fleire, seier dagleg leiar Øystein Vaage.

No for tida skin sola på Ina som soloartist, og det er få norske artistar som har vore streama fleire gongar enn Ina Wroldsen dei siste åra.

Wroldsen speler på Tysnes laurdag 13. juli.

Du har heilt sikkert høyrd låtar som «Aliens», «Strongest», «How Deep is Your Love» og «Lay It On Me» på radioen både ein og to gongar.

– Ina har etablert seg som ein solid liveartist med eit breitt og engasjert publikum, og me gler oss veldig til å sjå ho på scenen neste sommar!

Første slepp til 2019-festivalen kom 14. november og inkluderer Kjartan Lauritzen, D.D.E og Skambankt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.