På 2. plass i gjeld
Berre Kvam kommune har meir gjeld per innbyggjar enn Os. Tekniske justeringar kunne fått Os til å sjå betre ut i statistikken.


Fylkesmannen fryktar at fleire kommunar i Hordaland kan enda som gjeldsslavar, skriv bt.no i dag.
I artikkelen viser dei lista over kommunane i fylket, og kor mykje kva kommune hadde i gjeld i 2008, i prosent i av brutto driftsinntekter.
Lågast gjeldsprosent har Eidfjord (har ikkje gjeld), Ulvik (9,5%) og Bergen (38,5%).
Høgast gjeldsprosent har Kvam (117,4%), Os (109,5%) og Askøy (108,2%).
- Høg gjeld går igjen i fleire vekstkommunar i fylket, seier ordførar Terje Søviknes til midtsiden.no.
Samstundes seier han at det ikkje ville vore vanskeleg å få Os til å sjå betre ut i slike statistikkar.
- Fleire av kommunane vi kan samanlikna oss med, som Fjell og Sund, har valt å skilja ut for eksempen vatn og avlaup. Også bustadar som kommunen eig er det fleire som skil ut, noko som er med på å få gjelda ned.
- Slike tekniske grep kunne vi også gjort, men rekninga skal likevel betalast.
Os kommune har rundt 200 millionar kroner i fond, ei formue som ikkje er tatt med i denne statistikken, men som kunne blitt brukt til å få ned gjelda.
- Men dette er eit signal på at vi må tenka nøye gjennom kvar einaste investering, legg ordføraren til.
- I artikkelen i BT åtvarar Fylkesmannen dei med mest gjeld. Har Os fått dette skriftleg?
- Ikkje nyleg, men i rapporten vi får kvar vår har det dei siste åra stått nokre ord om at vi må vera varsame, seier Søviknes.