På delt førsteplass
Redningsselskapet kårar Noregs nasjonalbåt, og mange av dei 1200 som har sendt inn nominasjon meiner oselvaren er beste kandidat. Nominasjonsrunden stenger 1. mai.


I Noreg har vi både nasjonalfugl og nasjonalinstrument - men ingen nasjonalbåt. Det vil Redningsselskapet gjera noko med. I slutten av februar opna dei for innsending av nominasjonar, og sist nssr.no skreiv om saka (20. april) låg oselvaren på delt førsteplass saman med nordmørsgeita.
- I denne omgangen skal 10 båtar veljast ut, og så kan vi stemma for å finna vinnaren. Nordlendingane er flinke til å mobilisera, så det overraskar meg ikkje om nordlandsbåten stikk av med den gjeve tittelen, seier dagleg leiar i Oselvarverkstaden, Åsmund Lien.
- Men det hadde passa veldig godt om oselvaren vann, meiner han.
Båt med liv i
Båtbyggar Berit Synnøve Osmundsen sit i ein oselvar frå rundt 1880. Ein seksæring som har fått ny saum, ny dørk, nye tofter og nye beslag.
- Det er sikkert mange nominerte båtar med imponerande tradisjon, men eg synes nasjonalbåten skal bli ein båt med liv i, ein båt som folk framleis bygger og bruker, seier Berit.
- Dagens produksjon er eit poeng
Fleire av dei nominerte båtane har lange, norske tradisjonar, men få blir produsert i dag, og truleg ingen i same skala som oselvaren.
- Oselvarverkstaden produserer systematisk etter gamal byggeskikk. Kor lenge oselvaren har blitt bygd, og kor tid den fekk namnet, er uvisst. Men i fjor leverte vi bygg nr. 60 frå Oselvarverkstaden, og det viser at oselvaren er ein ettertrakta båt også i dag.
Lien meiner kampen om tittelen bør stå mellom åfjordbåten, strandebarmaren, nordlandsbåten, nordmørsgeita og oselvaren.
Vil du stemma på oselvaren? Då kan du senda SMS med teksten: "båt oselvar" til 2225.
Nominasjonsrunden stenger 1. mai.
Les meir om kåringa på nssr.no