På fulltid til 2017
Os TF Fotball har auka Bakkerud sitt engasjement til 100 prosent og har skrive kontrakt for tre år.
Lars Bakkerud takka i november i fjor ja til jobben som sportssjef i 60 prosent stilling i Os TF, men sa nei til kombinasjonen A-lagstrenar og sportssjef, som ville gjeve ei fulltidsstilling i Os TF Fotball.
No har klubben auka engasjementet til 100 prosent ut juli 2017.
– Det var eg som kom med ønskje om utelukkande å kunne konsentrera meg om oppgåvene mine på Kuventræ. Eg har tatt eit og anna prosjektoppdrag for eksterne sidan eg berre har hatt 60 prosent, men ønsker no å dedikere meg for fullt på Os i nokre år framover. Eg vil fullføra prosjektet vi så vidt har starta på.
– Eg har også hatt to-tre klubbar som har vore i meg for trenaroppdrag. Med full stilling i éin klubb blir det endå lettare å takka nei til slike tilbod i framtida, utan at dette har blitt brukt som noko pressmiddel, presiserer Bakkerud.
Nye og gamle oppgåver
Det auka engasjementet betyr ikkje at Bakkerud no skal inn i noko trenarrolle, men enkelte nye oppgåver blir det.
– Leif Idar Røen, som har hatt 50 prosent stilling, 20 på handballen og 30 på fotballen i Os TF, har gjort ein veldig god jobb. Men styret ser det som mest naturleg at det sportslege ligg på éin mann og har valt å ikkje fornya avtalen med Røen frå 1. januar neste år, seier formann Knut Haddal.
– Røen er framleis ein stor ressurs og det er mogleg vi vil bruka han på nye område i framtida, legg han til.
Bakkerud overtar dei praktiske sportsadministrative oppgavene i fotballen.
– Dette er likevel eit auka engasjement, men vi tar ikkje på oss nye utgifter utan at det følgjer nye, friske finansieringsmidlar klare. Det gjer det no, økonomien ser annleis ut enn for to år sidan, og vi reinvesterer mest mogleg for å gje klubbet eit løft både på anlegg og sportsleg utvikling.
– Eg er glad for måten Lars har engasjert seg på og eg ser at han jobbar veldig godt saman med styret og trenarane i klubben.
Endå meir tydeleg
Lars kjem til å halda fram med å pendla mellom jobb på Os og familie i Larvik. Frå Austlandet vil han jobba med administrative oppgåver, på Kuventræ med det sportslege både i teori og praksis.
– Vi har kome i gang og eg trivst veldig godt. Krava har vore tilpassa det at vi no er i vårt første år, i tida som kjem vil de skje meir og det vil koma eit endå tydelegare skilje på bredde og elite.
– Spelarane skal i aukande grad merka at dei er på eit satsingslag både ut frå kva dei må yta og kva dei får igjen.
Vil styrka A-laget
Bakkerud er ikkje berre opptatt av utviklingen av ungdomen, A-laget skal opp til 2. divisjon, i hovudsak med lokale spelarar, men det er også aktuelt med styrking utanfrå.
– For det første er det viktig med gode, nære band til klubbane i Os kommune, Os er med sine nesten 20.000 innbyggarar stor nok som stad til å bygga eit lag som held seg på øvre halvdel av Oddsenligaen.
– Skal vi ta steget opp innan rimeleg tid må vi nok styrka A-laget, men det er ikkje noko poeng i å betala kven som helst for å styrka Os. Det å betala spelarar for at dei skal vandra rundt i 3. divisjonssystemet i fylket er meiningslaust, meiner han.
– Er det pengane som motiverer deg bør du heller spela i 5. divisjon og ta deg ein deltidsjobb, du tener meir på det.
– Vi vil heller ha inn den rette, den med dei gode haldningane og med motivasjon som kjem innafrå, spelarar som både er gode nok til å leia Os opp ein divisjon, og som er gode nok til å stabilisera laget i 2. divisjon. Vi vil satsa på dei spelarane som er interesserte i å utvikla seg sjølv, seier Lars Bakkerud.