Lokal | 05. aug. 2012

På grunn i Øyane

Ein seglbåt og redningsskøyta "Kristian Gerhard Jebsen" ventar på flo.

På grunn i Øyane
Ein seglbåt gjekk på grunn på sundet mellom Røttingen, Bruarøy og Sundøy søndag ettermiddag. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 05. aug. 2012 22:19

Søndag i 17-tida gjekk ein seglbåt på grunn på "Sundet" i Øyane.

– Det er ei umerka grunne som lokalbefolkinga kjenner godt til, men som ikkje er så lett for andre å oppdaga før det er for seint, seier Alfred Aastrøm frå RS "Kristian Gerhard Jebsen".

Båtføraren var åleine om bord då han kjørte på grunna og både mann og båt er uskadd.

– Han sit om bord hos oss og drikk kaffi no. Vi har hatt dykkarar nede og båten er heller ikkje skadd, så no ventar vi berre på flo så vi kan få båten av, seier Aastrøm.

Les òg: – Svarten òg (båt på land på Svartaskjeret)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.