Lokal | 06. juni 2018

På idyllisk svømmetur

Det herskar full harmoni i Oselvo kor svanefamilien på åtte svømmer rundt.

På idyllisk svømmetur
Svanefamilien på åtte var onsdag på svømmetur ved utløpet av Baronselva (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 06. juni 2018 09:52

Bildeserie:

Ein matpause ved Baronselva (foto: AH)
Ein matpause ved Baronselva (foto: AH)
Seks svaneungar blei det i årets kull (foto: AH)
Seks svaneungar blei det i årets kull (foto: AH)
1 av 2
Ein matpause ved Baronselva (foto: AH)
Seks svaneungar blei det i årets kull (foto: AH)

I slutten av april la det nye svaneparet, som har etablert seg i Oselvo og Os hamn, seg på reir like nedanfor plassen kor hamnesjefen og kona i si tid hadde reir.

Tidlegare denne veka kom seks ungar til verda. Onsdag var familien på åtte på ein roleg svømmetur i elva. Ved utløpet av Baronselva fann dei ut at det var passande med ein liten matbit.

– Den nye hannen oppfører seg heilt annerleis enn det hamnesjefen gjorde. Medan hoa har lagt på reir har han berre svømd roleg rundt. Det ser ikkje ut som om han har brydd seg, sjølv om det har komme kajakkar ganske nær reiret. Likevel må vi la dei vera i fred, oppmoda ein av naboane til Midtsiden tidlegare i månaden.

Råd for fredeleg sameksistens

Med konflikten mellom hamnesjefen og folk friskt i minne har Os kommune gått ut med nokre råd for fredeleg sameksistens med svanene i Os.

– Vi ønskjer å ha svaner i Oselvo. Svaner er ein vill art, og for at vi skal leve fredeleg side om side med dei, er det viktig at alle veit korleis vi skal respektere dei og oppføre oss mot dei, heiter det i meldinga frå kommunen.

  • Hald avstand! Ikkje oppsøk svanene. I hekketida frå april til juli kan svanene vere spesielt aggressive fordi dei vil beskytte reiret, egga og ungane sine. Dersom du høyrer kvesing, er det svana som åtvarar deg mot å kome nærare. Både svaner og reirplassen deira er freda.
  • Vis omsyn! La svanene vere i fred. Plaging av svanene vil bli meldt til politiet/Mattilsynet. Ser du nokon som plagar svanene frå land eller båt, ta bilete og send til politiet.
  • Ver venleg å ikkje mate svanene. Unntaket kan vere i lange kuldeperiodar. Svanene er ville dyr som sjølve finn maten dei skal ha i naturen. Det er òg viktig at svaneforeldra lærer opp ungane sine til å finne mat på ein naturleg måte.
  • Hald hunden i band! Omsyn til hekkande fuglar er ei av årsakene til bandtvang.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.