På innsio: Vårslepp hos John Grindevoll
Os' gladaste kyr? På denne garden går dyra inn og mjølkar seg sjølv - når dei sjølv vil.
Ørjan Håland
12. juni 2016 - 10:03
Mjølkeprodusent John Grindevoll hentar ut over 1000 liter i døgnet frå kyra sine - mens bonden sjølv sit «på sofaen».
Etter at han for nokre år sidan investerte i moderne, digitalisert utstyr kan dyra gå fritt og plassera seg til fôring og automatisk mjølking når det passar.
Med chip i øyret har systemet også kontroll på fôrmengde til kvart enkelt dyr, og om noko går gale får Grindevoll varsel på mobilen.
Bli med på omvising i fjøset timen før ytterdørene opna og kyrne, med duvande spener, hoppa ut på beite.
Sjå førre videoreportasje i På innsio-serien: Inka
Sjå samleside for alle videoreportasjar og artiklar med video