Lokal | 16. mars 2017

På lag for trygge barn i Øyane

Unikt samarbeid mellom barnehage, skule, idrettslag og Redd Barna i Øyane. Saman skal dei skapa eit trygt oppvekstmiljø.

På lag for trygge barn i Øyane
Elin Langli (Redd Barna), Gunnhild Hansen (rektor), Eirik André Hesthamar (Øyglimt), Marie Bruarøy (FAU), Rebecca Lerch Dahl (FAU), Kjersti Ellingsen (leiar barnehagen) og Per Olav Sørås (fagsjef skule) er på lag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 16. mars 2017 13:17

Bildeserie:

Skulen og delar av barnehagen var samla i gymsalen (foto: AH)
Skulen og delar av barnehagen var samla i gymsalen (foto: AH)
Patrick og Mariela frå barnehagen fortalde korleis ein skal vera med kvarandre (foto: AH)
Patrick og Mariela frå barnehagen fortalde korleis ein skal vera med kvarandre (foto: AH)
Karen og Hilde frå elevrådet fortalde korleis ein jobbar og tenkjer på skulen (foto: AH)
Karen og Hilde frå elevrådet fortalde korleis ein jobbar og tenkjer på skulen (foto: AH)
Elin Langli fortalde om Redd Barna (foto: AH)
Elin Langli fortalde om Redd Barna (foto: AH)
1 av 4
Skulen og delar av barnehagen var samla i gymsalen (foto: AH)
Patrick og Mariela frå barnehagen fortalde korleis ein skal vera med kvarandre (foto: AH)
Karen og Hilde frå elevrådet fortalde korleis ein jobbar og tenkjer på skulen (foto: AH)
Elin Langli fortalde om Redd Barna (foto: AH)

Lite tenkte nok Tommy Aasen at det skulle bli eit eiga prosjekt og eit unikt samarbeid mellom Redd Barna og barnehagen, skulen og idrettslaget i Øyane då han starta Redd Barna Cup for første gong i 2013.

Då Aasen no er i ferd med utdanning og jobb har Øyglimt teke på seg å vidareføra den tradisjonsrike cupen, men ikkje berre det. Saman med Søre Øyane Naturbarnehage og Søre Øyane Barneskule har dei inngått ei samarbeidsavtale med Redd Barna for å skolere vaksne som har kontakt med barna.

– Saman startar vi prosjektet Trygg i Søre Øyane - Saman er vi best, kor vi samlar kreftene som finnst her ute, innleia Eirik André Hesthamar, leiar i Øyglimt.

Saman for ungane

Torsdag blei avtalen lansert ved ei større samling i gymsalen på skulen, kor representantar frå alle dei fire organisasjonane var samla, saman med dei eldste ungane frå barnehagen og elevane ved skulen.

– Avtalen omfattar arbeid mot både mobbing, trakassering og seksuelt misbruk. Redd barna vil komma her for å kursa oss vaksne, men òg for å prate med ungane om nettvett og kva som er greitt og ikkje greitt, forklarte Hesthamar.

Elevane veit

At borna allereie godt veit kva det går i tyder responsen frå salen på, då Elin Langli frå Redd Barna presenterte organisasjonen.

– De har rett i at vi jobbar med barn som ikkje har det så bra i andre land, men vi jobbar også her i Noreg. Vi gler oss til å kursa dei vaksne slik at dei blir sikre på korleis hjelpe dykk om de har det vanskeleg. Også skal vi komma og snakka med dykk om nettvett, for det er eindel dumme ting ein kan gjera på nettet, forklarte Langli som fekk umiddelbar respons.

– Ein kan senda stygge meldingar som ein ikkje eigentleg meiner, kommenterte ein av elevane før fleire kasta seg på og det blei ein liten diskusjon om kor dumt mobbing er, både på nett og ellers.

Tek venebenken til Oslo

Det var ikkje berre elevane og dei vaksne i Øyane som fekk noko ut av lanseringa.

– Venebenken som dei to frå elevrådet fortalde om er kjempelurt. Den skal eg ta med meg tilbake til Oslo og prøve å få skulane der til gjera det sama, fortalde Langli.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.