Lokal | 08. nov. 2011

På land i skodda

Verken folk eller bilar blei skadd då MF Fanafjord kjørte på ein holme utanfor Halhjem.

På land i skodda
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 08. nov. 2011 21:34

I 18-tida tysdag gjekk MF Fanafjord, på veg frå Sandvikvåg til Halhjem, på land på ein holme i Halhjemsosen.

– Det var 90 passasjerar om bord i ferja. Alle kom seg vel i land, fortel operasjonsleiar Jan Steimler i Hordaland politidistrikt.

Ferja kom seg til land for eiga maskin og blei undersøkt av dykkarar.

HRS, Kystverkets beredskapsavdeling og Sjøfartsdirektoratet er varsla. Det er ikkje mistanke om promille hos mannskapet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.