Lokal | 19. mai 2014

På land ved Halhjem

Politiet fortel om grunnstøting, promillekontroll, bot til mann som følgte etter kvinne – og om eksemplarisk russ i 2014.

På land ved Halhjem
Her gjekk turbåten på land, men ferja sette ut lettbåt og eskorterte mann og kvinne inn til Halhjem. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 19. mai 2014 07:17

Mannen som natt til søndag følgte etter ei kvinne mot hennar vilje, nekta å oppgje personalia, eller gav falsk personalia, då patruljen rykte ut og møtte han.

Vedkomande blei meldt og er bøtelagt med 5000 kroner.

– Mannen har vedtatt bota, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Kjørte på land på Halhjem

Klokka 00.34 natt til måndag fekk politiet melding frå mannskapen om bord i MF Bergensfjord, etter at dei hadde eskortert ein båt inn til Halhjem.

Ein kvit turbåt med ein mann og ei kvinne om bord gjekk på land på Bleikja, den vesle øya i innseglinga til Halhjem, i 23.30-tida.

Den tok ikkje inn vatn, men ferja sette ut ein lettbåt som eskorterte dei skipbrotne trygt til land.

Edru på Ulven

Søndag formiddag hadde politiet promillekontroll på FV 160, Ulvenvegen ved flystripa.

34 bilførarar blei kontrollerte, alle var edru.

Eksemplarisk russ

Laurdag var russetida over og frå Os lensmannskontor kjem det uoppfordra ein god porsjon skryt.

– Vi har ikkje fått ein einaste klage på russen i år, verken på støy eller at dei ikkje har rydda etter seg i friluftsområde og andre stadar der dei har samlast.

– Dei har stått fram som ein eksemplarisk gjeng med ungdomar og vi vil ønskja dei lykke til med eksamenstida, seier Audun Hadler-Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.