midtsiden

På landslaget

Torsdag, på 16-årsdagen hennar, fekk Åsne Takle Eide ein ekstra kjekk beskjed.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Åsne Takle Eide, som fylte 16 år i går, fekk ei gladmelding frå forbundet på bursdagen sin. Eller rettare sagt, to fotballvenninner tipsa ho om landslagsuttaket.

- Ei frå Sogndal som eg var på proffsamling med i fjor sommar gratulerte meg på Facebook og ei lagvenninne på Arna-Bjørnar sendte tekstmelding, fortel Åsne.

Her er uttaket (fotball.no)

Møter Nederland og USA
Talentet frå Os gjekk til Arna-Bjørnar og blei lagvenninne med osingen Trine Lund rundt sesongstart. Åsne har erfaring frå krinslaget, men er no tatt med i troppen i J16-landslaget som skal spela turnering i Danmark frå 3. til 11. juli.

I turneringa skal ho saman med 17 andre jenter spela mot Danmark, Nederland og USA.

Kvartfinale på heimebane
Takle Eide har gjort det bra i Toppserien, med debut i første kamp etter at overgangen var i orden og fleire nettkjenningar. Ho skåra også i førre kamp, ein bortekamp mot Kattem som enda med 7-0-siger.

I 1/8-finalen i NM skåra Åsne ekte hattrick på 15 minutt. Kvartfinalen går på heimebane mot Stabæk 14. august.

Fleire saker