Sport | 24. okt. 2009

På med uniformen!

80 med buss, mange med bil og fleire båtar er til veg for å sjå Os i kamp mot Austevoll. Her er laget Hellevik har med seg.

På med uniformen!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 24. okt. 2009 10:33

Bildeserie:

1 av 2

Busstransporten Os Turn Fotball arrangerte med Osbuss, sponsa av Os kommune, blei eit populært tilbod.

- Vi blir 80 totalt, seier formann i Os Turn Fotball, Leif Gunnar Borgen.

I den eine bussen sit ordførar Terje Søviknes. Han har utfordra partikollega og austevoll-ordførar Helge André Njåstad til straffespark-konkurranse i pausen på kampen.

Ferja er nettopp gått frå Krokeide, kledd i gult av dei 80 med buss og fleire som reiser med eigen bil.

- I tillegg veit eg at det kjem ein del med eigen båt, seier Borgen.

Tar tribunen
Osingane er framme på Austevoll-banen i god tid før kamp, og kjem truleg til å kapra over halvparten av tribunen før austevollingane har kome seg ut døra heime.

Men heimelaget får uventa hjelp frå ei annan øy - Osterøy. Det er nemleg venta rundt 30 supportarar av livlegaste sort, frå Valestrand Hjellvik på Osterøy. Dersom Os rykker opp tar dei nemleg med seg Os 2, frå 4. til 3. divisjon. Om Os taper får Valestrand plassen Os 2 er klar for.

Desse startar
Frank Hellevik seier det er mange som hadde fortent ein plass i startellevaren, og har truleg hatt ein litt vanskeleg jobb, sørleg midt midtbaneleddet.

Desse 11 spelar frå start (4-3-3): Halvard Enes, Anders Glesnes, Einar Algrøy, Per Søgnen Merai, Remi Osebakken, Stian Lunde, Tore Valvik, Frode Buvik, Torkel Hjertnes, Tim Henrik Sperrevik og Christian Almeland.

Desse har han med på benken: Anders Solberg Strønen, Dani Alvær Bergstø, Mats Lepsøe, Vegard Leikvoll Moberg, Preben Borgen, Christer Olsen og Ramo Racic.

Kampen startar kl 14.30. Midtsiden.no kjem tilbake med pauseresultat og kommentarar om utvikling i kampen, rundt kl 15.40.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.