På ny landslagssamling
Som einaste jente frå Hordaland er keepertalentet Eva Kristiansen teken ut til landslagssamling 10.-15. mai.

Eva Kristiansen, som er fødd i 1995, blei måndag teken med i troppen landslagstrenarane Trine Haltvik og Pål Oldrup Jensen vil ha på juniorlandslagssamling (jenter-94) i Larvik.
- Det blei litt hæææ??? då eg fekk e-posten frå handballforbundet, fortel Eva.
Fekk ingen signal
Tysdag i førre veke var ho saman med keeperkollega Susann Rosvold på regional landslagssamling i Haukelandshallen.
- Eg fekk ingen signalar på den samlinga om at eg var aktuell. Men samstundes har dei sagt at dei som har vore med tidlegare vil få sjansen igjen.
Tvilar på EM-plass
Samlinga er ein del av førebuingane til sumarens Europameisterskap i Tsjekkia kor Noreg skal spele i innleiande gruppe med Spania, Nederland og Polen.
- Det er tre andre målvakter som alle har landskampar frå før som er teken ut, så om eg klarar å danka ut nokre av dei blir det ein stor overrasking, seier keepertalentet forsiktig.
- Men uansett skal bli utrulig gøy å få prøva seg.
Stor motivasjon
Den seks dagar lange samlinga gir rom for mykje trening i ei ellers stille tid for handballjenta frå Os.
- Det er utruleg motiverande å vera på samlingane. Der får eg heilt konkrete arbeidsoppgåver eg må jobba med gjennom samlinga og etter at eg kjem heim att, forklarar ungjenta.
- Og så får eg jo spela med dei beste jentene i 94- og 95-årgangen som fins i Noreg. Berre det er ein stor motivasjon, avsluttar Eva Kristiansen.