To på pallen
Tre osingar kjørte noregscup i Bø i Telemark i helga, dei to yngste kom på pallen.


Daniel Slettebakken kjørte godt i sesongopninga, men klarte ikkje å koma seg forbi dei tre trimma jet-ane som låg framfor.
- Han heldt plassen og kjørte inn til 4. plass, seier Tor Slettebakken om sonens debut i open klasse.
Nye reglar gjer at Daniel ikkje har anna klasse å kjøra i med sin Hydrospace, og derfor må kjøra mot deltakarar med raskare jet.
Gode juniorar
Bror til Daniel, Markus, var beste junior i fjor. Han har fleire sesongar igjen som junior, men fekk likevel ingen forbi seg denne helga heller.
- Markus vann, og treningskameraten Martin Rekkum kjørte inn på ein fin 3. plass. Dei to har trent godt i lag på banen i Askvik i vinter, det er tydeleg at det har lønt seg, seier Tor.