Lokal | 07. juni 2010

På plass

Det som truleg er verdas største fritthengande måleri, her i halvferdig versjon, er på plass på Oseana.

På plass
Andris Hamremandag 07. juni 2010 09:53

- No har eg fått frakta måleriet og rammeverket med semitrailer ned til Oseana, fortel ein nøgd Frode Sirevåg.

- Turen gjekk greit, så no gjenstår berre å få hengt det opp på veggen og dekka det til før avdukinga i morgon, seier kunstnaren som innrømmar han er spent på å sjå bildet i utelys.

11 x 5 meter
Bilete som er hele 55 kvm er med det verdas største fritthengande måleri. Inspirasjonen til å gjera stuntet fekk Frode Sirevåg då han såg dokumentaren «David Hockney – Det store bilete» kor kunstaren måler eit bilete på 50 kvm.

Frode blei så motivert at han kontakta styret for Oseana Kunst og Kultursenter og presenterte ideen om å mala eit enda større bilete. Styret tente på ideen og gav han oppdrag med å måla biletet, men det måtte vera ferdig innan 8. juni.

To veker
For berre to veker siden låg eit kvitt lerret på gulvet i det omlag 1000 kvm store atelieet i Ulvenparken. Med måling, penslar og vin har kunstnaren lukka seg inne i si eiga verd og nytta både natt og dag for å få måleriet ferdig i tide.

- Eg er særs nøgd med korleis måleriet har blitt, seier ein litt sliten Frode Sirevåg som saman med Oseana Kunst og kultusenter ynskjer alle osingar velkommen til avdukinga.

Arrangementet startar med ein kort konsert med kontrabassist Ole Amund Gjerdsvik før høgtidleg avduking. Blandt gjestane som kjem er det internasjonale styret for Grieg Foundation.

Då måleriet skal henga på ein byggjeplass må alle som vil vera med møta i porten til Osana presis kl 15.00 tysdag 8. juni.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.