Lokal | 02. mai 2016

På plass ved gangfelta

Ved midnatt stengte E39 retning nord, måndag morgon var to trafikkbetjentar på plass i Mobergsbakken.

På plass ved gangfelta
Amund Tveit fekk det ikkje travelt ved fotgjengarfeltet ved Midtskogvegen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 02. mai 2016 07:06

Bildeserie:

Årsaka til stenginga er arbeid med ei djup grøft frå Svegatjørn til Ulvenvatnet. (Foto: KVB)
Årsaka til stenginga er arbeid med ei djup grøft frå Svegatjørn til Ulvenvatnet. (Foto: KVB)
Foreldreutvalet ved Os barneskule fekk før helga gjennom dirigering i Mobergsbakken. (Foto: KVB)
Foreldreutvalet ved Os barneskule fekk før helga gjennom dirigering i Mobergsbakken. (Foto: KVB)
1 av 2
Årsaka til stenginga er arbeid med ei djup grøft frå Svegatjørn til Ulvenvatnet. (Foto: KVB)
Foreldreutvalet ved Os barneskule fekk før helga gjennom dirigering i Mobergsbakken. (Foto: KVB)

Hovudentreprenør Veidekke har halde det vegvesenet har kome med lovnad om.

Presis ved midnatt starta stenginga av E39 retning nord og skilting med omkøyring om Os sentrum for dei som skal vidare mot Bergen, i løpet av helga kom fartsdump på plass nedanfor fortgjengarfeltet ved Midtskogvegen.

Les òg: Er skulevegen trygg når E39 skal nedom Os sentrum?

Måndag morgon var to trafikkbetjentar på plass i Mobergsbakken.

– Det har vore ganske få fotgjengarar her nede, det var nok fleire oppe i svingen, seier Amund Tveit frå Aarekol Trafikktjenester.

Han er ein av dei to som tok første vakt. Det blir dirigering éin time om morgonen og tre på ettermiddagen i samband med skulestart og skuleslutt dei knappe to månadane fram til sommarferien.

E39 retning nord skal som kjent vara i fire månadar.

Midtsiden samleside: E39 Svegatjørn-Rådal

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.