Ole Martin Lekven Kolskogen. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)

I trening med i dansk toppklubb

Ole Martin L. Kolskogen har denne veka vore på besøk hos superligalaget Brøndby.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Åsane og U18-spelar Ole Martin Lekven Kolskogen frå Os, som fylte 18 år i januar, har denne veka vore i trening med danske Brøndby IF.

«Ved onsdagens Superliga-træning i Brøndby var der et ansigt med på banen, som de fleste nok ikke havde set før» skriv 3point.dk.

Brøndby speler i den danske toppserien og er byrival med FC København.

Ifølgje 3point har Kolskogen trent med U19-laget til Brøndby dei første dagane, og spelt treningskamp for U19 tysdag, mens han onsdag var ein av to nye ungdomar som fekk prøva seg med A-laget til Brøndby.

Den andre ungdomen er Mathias Flaga Olesen, som er dansk/luxembourgsk og speler med Luxembourg sitt U19-landslag.

• Les òg: Olis kaptein i sin landskamp nr 20 (februar 2019)

Åsane rykte som kjent ned frå OBOS-ligaen i fjor. Kolskogen fekk 15 kampar for A-laget til Åsane i fjor, og har kontrakt ut 2020.

– Brøndby er ein av fleire klubber som er nysgjerrige på han, men førebels er han Åsane-spelar, seier spelaragent Steinfeldt til BA (abo).

Fleire saker