Lokal | 14. sep. 2012
På rek ved Halhjem
Ein båt på 21 fot låg i dag på rek midt i innseglinga til Halhjem ferjekai.
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 14. sep. 2012 14:13
Fredag klokka 9.20 fekk politiet og brannvesenet melding om båt på rek utanfor Halhjem.
Det var mannskap om bord på ferja Fanafjord som varsla. Båten låg ved Bleikja midt i innseglinga til ferjekaien.
– Vi var på veg ut då det kom melding om at ein privatperson hadde taua den til land, fortel brannsjef Stein Gjøsund.
Båten, ein cabincruiser på 21 fot, ligg no ved den gamle ferjekaien.
– Den har registreringsnummer, så vi skal nok få tak i eigar, seier politibetjent Ole Kristoffer Tveiten.
Politiet seier det ikkje er noko som tydar på at det har vore folk om bord, dei trur båten har slite seg.