Lokal | 24. nov. 2009
På skakke i Kolskogen
Trafikken blei sperra då ein trailer hamna på tvers på brua i Kolskogen tysdag ettermiddag.


Kjetil Vasby Bruarøytysdag 24. nov. 2009 16:17
Litt før klokka 16 hamna ein trailer på tvers på brua i Kolskogen som går over E39.
All trafikk er sperra, men på begge sider av traileren er det god plass til å snu for å kjøra rundt, så det er ingen kø på staden.
Mannskap på staden fortel at hengaren blei henta i området, men at den ikkje hadde festa seg skikkeleg, og derfor lausna medan bilen var i fart.
Ingen blei skadd i uhellet, og skaphengaren såg heller ikkje ut til å ha fått noko medfart.