Kultur | 28. juni 2019

På søndag kan du byta granskot mot vaflar

Lysøens Venner med sosialt tiltak for å hindra spreiing av gran på Lysøen.

På søndag kan du byta granskot mot vaflar
På søndag kan vera med å stella Lysøen. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighfredag 28. juni 2019 08:36

På søndag kan du vera med å stella på Lysøen og på området rundt Ole Bulls Villa.

Du får løn du kan bli mett av for arbeidet.

Ønskjer å stoppa grana

– Vi ønskjer ikkje meir spreiing av gran på Lysøen, og saman med KODE ber vi no om hjelp frå publikum.

– Jobben er ikkje komplisert; vi treng hjelp til fjerna små granskot rundt villaen og i nokre plantefelt på øya.

Dette fortel leiar i Lysøens Venner, Bjørn Laastad.

Løn i vaflar

Laastad fortel at kvar familie får ei gratis vaffel i kafeen for kvar tiande småplante dei har rykka opp og fjerna.

– Ideen er at dette skal vera ein spanande familedag på Lysøen, og vi trur at dette kan vera eit effektiv tiltak for å stogga grana frå å spreia seg yttarlegare.

– Arrangementet er sjølvsagt gratis og strekk seg mellom klokka 11 og 15, seier Laastad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.