Lokal | 24. feb. 2010

På tide å moka taket?

Etter at du har fått brøyta fram bilen kan det vera på tide å ta eit tak på taket, særleg om huset er eldre enn 10 år.

På tide å moka taket?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. feb. 2010 10:02

- Alle bør i desse dagar ta ein sjekk på taket sitt. Særleg dei med flate tak. Kjem det vêromslag med regn kan det bli tung last på taket, skriv teknisk sjef i Os kommune, Haldor Fosse i ei pressemelding til Midtsiden.no i dag.

- Men hugs at det er ingen amatøroppgåve å moka snø frå taket. Har du ikkje kunnskap om kva som skal til av sikring så ta kontakt med fagfolk, legg han til.

Os kommune har det meste av kapasiteten sin bunden i den snøen dei har ansvar for, så dei kan ikkje tilby den service dei skulle ønskja, med å svara på alle spørsmål om private tak.

- Vi ber derfor folk om å kontakta fagfolk dersom dei er i tvil, skriv Fosse.

Fløysand i full drift
Kva Fosse meiner med fagfolk står det ikkje noko om i skrivet, men folk som har erfaring med å jobba på tak, som tømrarar og taktekkarar, hamnar nok i den kategorien.

- Vi har 29 mann i sving, nokon med det som er faget vårt, men også ein del på mokeoppdrag, seier Gudmund Fløysand frå Fløysand Tak.

Fløysand mokar tak for både kommunar, bedrifter og privatpersonar.

Godt sikra
Å stå på taket, på snø og is, kan vera utrygt, særleg om det er bratt tak, og høgt om du ramlar.

- Det er ikkje berre berre for privatpersonar å moka tak. Men vi er godt sikra, med sele og sikringstau, seier Gudmund.

- Fører snø og is til skade på tak, at det blir ekstra med reparasjonsarbeid?

- Nei, det er sjeldan. Det er helst fare for at det kollapsar, sjølve dekket skal tola snø og is.

Farleg
Knut Olsens Tjenester, som tilbyr både tømrar- og vaktmeistertenester, går også frå tak til tak i desse dagar.

- Har du tips til dei som vurderer å moka taket sjølv?

- Ja. Bruk fagfolk, nokon med godt sikringsutstyr og erfaring. Byrjar snøen å segla er det ikkje berre fare for å slå seg når du ramlar ned frå taket, du kan få hovudet fast i snøen. Du er jo i praksis tatt av eit ras, og det er ikkje lett å koma seg laus, seier Olsen.

Kor mykje tåler taket?
Er du i tvil på om taket ditt tåler snøen som ligg der? At du slepp å moka? Det kan godt henda, spesielt dersom huset ditt er bygd etter 1999.

- Nye bygg skal vera bygd for å tåla den snølasta som kan oppstå på taket. Det skal derfor ikkje vera naudsynt å moka taket på nyare hus, seier forskningsleiar ved SINTEF Byggforsk, Vivian Meløysund til DinSide.no

Tommelregelen elles er å moka før snødjupna på taket passerer 50 centimeter.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.