På topp 4!
Solstrand kåra til Noregs fjerde beste hotell av Nettavisen. – Eit hotell med spa og store matopplevingar, skriv avisa.

Lesarane av Nettavisen.no har kåra dei 25 beste hotella i Noreg.
Solstrand Hotell og Bad kjem på fjerde plass bak Rica Nidelven i Trondheim, Oslo Plaza og Farris Bad i Larvik.
– I kåringa var det veldig jamt mellom dei 10 øvste, og det var ikkje mykje som skilte hotella på topp, skriv avisa.
Beliggenheit og service er viktige for kundane, men det klart vanlegste svaret var "god mat" i grunngjevinga for kvifor folk har stemt som dei gjorde.
Lista er utarbeidd etter nominasjon frå leserane av Nettavisen og i etterkant stemt på. 1036 tilfeldige lesarar har stemt 9. og 10. april. Røystene tel 50% i undersøkinga. Dei resterande femti prosenta fordeler seg på 25% med basis i kva hotell som fekk flest nominasjonar frå dei 10 732 som gav si nominasjonsstemme og 25% basert på stemmer frå Nettavisen sine reisetips.