På toppen av 1. divisjon
Os J16 slo Fana i toppkamp og vann vårserien i 1. divisjon. Også damelaget til Os vann vårsesongens siste runde.
Som førsteårsellevar i 2011 vann 98-årgangen til Os vårsesongen med ein målforskjell på 74-3.
Sidan har dei halde seg rundt toppen av 1. divisjon og med gårsdagens siger over Fana i toppkamp på Kuventræ vann dei vårsesongen 3 poeng framfor Askøy. Fana landa på 3. plass 4 poeng bak Os.
Os - Fana 4-1 (2-0)
Målskårarar, Os: Guro Veglo 3 og Andrine Døsen
Gjestane starta best og pressa Os dei første fem minutta, men så kom 1-0 på ei kontring og Os overtok med fleire sjansar, høgt press og 2-0 før pause.
Os leia 3-0 før gjestane reduserte. 4-1 kom etter fleire større sjansar til heimelaget.
– Teknisk gode
– Vi har ein gjeng med teknisk dyktige spelarar, fleire av dei med veldig stor fart og arbeidskapasitet, seier Ragnild Eide.
– Eg prøver å legga vekt på god rullering av speletid, at alle utviklar seg, og at vi har kjekke treningsøkter med høgt tempo og variasjon i øvingane.
Samarbeid med damelaget
Ragnhild, som er mor til toppseriespelar Åsne Takle Eide, engasjerte seg på trenarsida på jentelaget frå vinteren av, og leiar laget saman med Kjetil Lyssand Lindbom og Jan Rune Fjeldstad.
– I tillegg har vi med oss Ulf Thorsvik ein dag i veka og sidan i vår har vi trent fast saman med damelaget.
Jentelaget har supplert damelaget med 5-6-spelarar til kamp. Sjølv har dei lånt tre ulike J14-spelarar, to av dei var med på gårsdagens toppkamp.
Damene vann på Voss
Damelaget til Os tar ferie på 4. plass, 1 poeng bak Bjarg på 2. plass.
Dei siste tre poenga sika dei med bortesiger over Voss 2 i går.
– Dei hadde ein knallkamp på Voss i går. Det kom flest mål før pause, men det var i andre omgang vi spelte best, seier Jan Rune Fjeldstad, som leia damelaget i går.
Voss 2 – Os 1-5
Målskårarar, Os: Anne Fjeldstad, Andrine Døsen, Lillian Korneliussen, Karoline Thorsvik og Charlotte Balland.
Tre spelarar frå J16 reiste direkte til Voss etter sigeren over Fana og to 15-åringar frå J16-laget skåra dei to første måla.
Anne sette inn 1-0 på eit knallskot i tverrliggar og inn 30 sekund ut i kampen, Andrine auka til 2-0.
Lillian og Karoline sørgja for 3-0 og 4-1 medan Charlotte Balland skåra på eit praktskot frå 30 meter det einaste målet etter pause.